NY OG MODERNE: «Prinsesse Ingrid Alexandra» ble levert fra Holland Shipyard til Havforskningsinstituttet for noen uker siden. Om bord har de ei helt ny og spesiell skrape for å finne tobis.

Har funnet store mengder tobis på jomfrutoktet sitt langs Sunnmørskysten

Havforskningen har kartlagt tobis på Vestlandskysten med det nye forskningsfartøyet, «Prinsesse Ingrid Alexandra».

Publisert Sist oppdatert

Havforskarane veit mykje om tobisen i Nordsjøen – der er arten ein fiskeriressurs av stor betydning. Dei veit mindre om tobis langs kysten, men jobbar med saka langs fleire frontar, melder Havforskningsinstituttet.

Lastet med spesiell skrape

Derfor har forskarar frå HI og Runde miljøsenter no vore på kartleggingstokt med sitt flett nye kystforskingsfartøy «Prinsesse Ingrid Alexandra». Skipet var lasta med ei spesiell skrape som fangar tobisen når han ligg nedgraven i sanden om natta.

– I dei avgrensa stikkprøvane våre fann vi tobis på sandbanker langs heile kyststrekket frå Sogn til Sunnmøre, men først i store mengder nord for Stad, seier forskar Kjell Nedreaas.

Basert på havbotnkart og kunnskap frå kystfiskarar, ville forskarane dokumentere tobisfelt langs kysten som dei kan følge opp i framtida for å sjå utvikling.

Traff blink nær Runde

På stasjonane i Gulen fekk dei mellom null og ei handfull tobisar i skrapa. Men i Mulevika nær fuglefjellet på Runde gjorde forskarane to hal med imponerande 4000 tobisar. Fire av fem norske tobis-artar var representerte, men havsilen dominerte. Slik er det også i Nordsjøen.

Eit stort forskingsspørsmål er i kva grad tobisane ved kysten står på eigne bein eller om dei er avhengig av «påfyll» frå bestanden i havet. Anten i form av innsig av vaksen tobis, eller at nyklekte tobislarvar driv med straumen frå hav til kyst.

– For å finne svar på dette har vi tatt DNA-testar og samla inn øyresteinar til kjemisk analyse. Dette kan fortelje oss noko om oppvekstmiljø og familietreet, seier Nedreaas.

– 2022 var en sterk årsklasse

Havsilar kan bli meir enn 10 år gamle om dei ikkje blir etne eller fiska, men i skrapa fekk forskarane nesten berre fisk frå 2022. Det kan skuldast fleire ting.

– Skrapa fangar dei minste fiskane best. 2022 var også ein sterk årsklasse, og dei yngste fiskane er dei som har hatt minst tid til å bli etne av annan fisk og fugl, forklarer Nedreaas.