

Kronikk
– Sender norske arbeidsfolk ut i permitteringar
Støre og Stoltenbergs nye avgifter drep arbeidsplassar og svekkar beredskapen, sier Høyres fiskeripolitisk talsperson i en kronikk.
Støre-regjeringa innførte for få veker sidan ei særnorsk CO₂-avgift på drivstoffet til fiskebåtane våre, sjølv når båtane opererer i utanriksfart. Dette høyrest kanskje teknisk ut, men konsekvensane er alt anna enn det. Avgifta representerer ein prisauke på opptil 60 % for fiskebåtane.
Allereie har grepet frå Jens Stoltenberg ført til permitteringer av norske arbeidsfolk, ei svekt kystberedskap, og meldingar om at norske fiskebåtar no fyller drivstoff i utlandet for å unngå den særnorske avgifta. Når norske fiskebåtar fyller drivstoff i utlandet, vil det òg medføre proviantering og kjøp av andre tenester, samt at fisken lettare vil bli levert der.
Dette handlar ikkje berre om pengar, norsk konkurransekraft og norsk verdiskaping. Det handlar òg om beredskapen i kyst-Noreg i ei uroleg tid. For når lokale bunkringsanlegg vert lagde ned, forsvinn òg forsyningstryggleiken. Ikkje berre for fiskeflåten, men òg for forsvaret. Vi snakkar om tryggleik. Vi snakkar om lønsame, norske jobbar. Vi snakkar om familiar og lokalsamfunn.
Og for kva? Det er sanneleg ikkje lett å seie.
For i ein debatt mot meg i Dagsnytt 18 på NRK denne veka sa Jens Stoltenberg sin våpendragar, statssekretær i Finansdepartementet, Ellen Reitan, at Arbeiderpartiet TRUR avgifta vil føre til reduserte klimagassutslepp. Vidare sa ho at det er INGEN TVIL om at dette er ei næring der klimagassutsleppa enkelt kan flyttast til andre land.
Arbeidarpartiet har altså innført ei ny avgift over natta som sender norske arbeidsfolk ut i permitteringar og som kan føre til nedlegging av norske verksemder, utan at dei eingong veit om dei globale klimagassutsleppa går ned? Samstundes som dei innrømmer at utsleppa enkelt kan flyttast til utlandet? Dette er symbolpolitikk av verste sort som rammar norske arbeidsfolk som skapar verdiar, ikkje dei som forureinar mest.
Omstillinga av fiskeriflåten må vere realistisk.
Olve Grotle
Samstundes er det ikkje overraskande at det kjem nye avgifter med Stoltenberg og Arbeidarpartiet. Sidan 2021 har Jonas Gahr Støre i samarbeid med Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet innført ei rekkje nye skattar, auka skattar, og skattar med tilbakeverkande kraft. Totalt er det henta inn over 130 milliardar kroner (130 000 millionar!) kroner ekstra i skatt med Arbeiderpartiet ved roret. Dei som gjer motstand, møter skuldertrekk og beskjed om å «ryke og reise» frå Noreg.
Resultatet? Norske eigarar og verksemder flyttar ut av Noreg. Kvifor? Fordi verdiskaping flyttar dit ein vert verdsett og til land som ønskjer eit yrande næringsliv. Attende står kysten med rekninga, og med hua i handa. Prisgitt Finansdepartementet i Oslo.
Høgre meiner omstillinga av fiskeriflåten må vere realistisk, rettferdig og i takt med teknologiske moglegheiter. Du kan ikkje fiske i Barentshavet på batteri. Og du kan ikkje byggje ei berekraftig framtid ved å undergrave den verdiskapinga vi allereie har.
Derfor må regjeringa si særnorske CO₂-avgift skrotast før endå fleire jobbar og lønsame verksemder forsvinn ut av landet. Skal vi lukkast med det grøne skiftet, må vi lytte til dei som kjenner havet, kysten og næringa – ikkje berre til skrivebordsteoriane til Jens Stoltenberg og Arbeiderpartiet i Oslo.