STATSBUDSJETTET:

FIKK STØTTE: Den kommunale fiskerihavna i Nordvågen i Nordkapp kommune er et av prosjektene som har fått tilskudd tidligere.

Regjeringen vil bruke 615 millioner på fiskerihavner i 2024 - disse prioriteres:

I 2024 vil det bli nytta om lag 615 millionar kroner til tiltak i fiskerihamner og utbetringar i farvatnet.

Publisert Sist oppdatert

Regjeringa vil styrke satsinga på tiltak innan kyst, fiskerihamner og farleier, heiter det i ei pressemelding frå nærings-og fiskeridepartementet.

– Viktig for verdiskapinga

– Trygge og tilgjengelege hamner og farleier er viktig for større verdiskaping, utvikling av lokalt næringsliv og busetjing langs kysten. God infrastruktur er heilt nødvendig for styrkje dei fiskeriavhengige kystsamfunna. Derfor er dette ei viktig prioritering for regjeringa, og vi kjem nå i gang med eit område der det blei full stopp under den førre regjeringa, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (AP).

Tre store tiltak i 2024

Regjeringa vil i 2024 starte opp tre store fiskerihamnetiltak i Troms og i Finnmark, i tillegg til to store farleistiltak i Vestland og Østfold. Prosjekta kjem i tillegg til ei rekke andre tiltak Kystverket allereie er i gong med. I tillegg går regjeringa inn for bygging av ytre molo i Vardø

hamn. Planlegginga skal gjerast ferdig så raskt som mogleg, med sikte på å sette av midlar i 2024 for å legge til rette for raskast mogleg oppstart. Regjeringa foreslår å løyve 77,5 millionar kroner til tilskotsordninga for fiskerihamner i 2024. Dette er ei auke på meir enn 40 millionar kroner sidan 2023. Ordninga legg til rette for få gjennomført viktige fiskerihamneprosjekt langs heile kysten, og vil bidra til å trygge eksisterande næringsaktivitet i kystkommunane i tillegg til å skape ny aktivitet.

Utbetringar i farvatnet og fiskerihamnetiltak i 2024:

¤ Mehamn fiskerihamn i Gamvik kommune, Finnmark – planlagt ferdigstilt i 2025

¤ Husøy fiskerihamn i Senja kommune, Troms – planlagt ferdigstilt i 2025

¤ Kjøllefjord fiskerihamn i Lebesby kommune, Finnmark – planlagt ferdigstilt i 2026

¤ innsegling Mo i Rana i Rana kommune, Nordland – planlagt ferdigstilt i 2026

¤ innsegling Borg i Fredrikstad kommune, Østfold – planlagt ferdigstilt i 2026

¤ utdjuping Mortingbåen i Kinn kommune, Vestland – planlagt ferdigstilt i 2024

¤ innsegling Florø i Kinn kommune, Vestland – planlagt ferdigstilt i 2025

¤ Bognes-Tjeldsundet-Harstad i kommunane Narvik, Lødingen, Tjeldsund og Harstad, Nordland og Troms – planlagt ferdigstilt i 2026

¤ Svolvær-Raftsundet i kommunane Vågan og Hadsel, Nordland – planlagt ferdigstilt i 2024