ROVDYR: Normalt holder håbrannen til et stykke ute til havs der den kan opptre jaktende i eller nær overflaten. Om vinteren trekker den trolig dypere, til 200–700 meters dyp. Gjennom satellittmerking kan forskerne få mer kunnskap om arten.

Brugdejakta over - nå skal de jakte hvithaiens søskenbarn

Årets haisommer er langt fra over. No forbereder forskerne seg på ei ny utfordring – å merke «hvithaiens fetter».

Publisert Sist oppdatert

Det skriver Havforskningsinstituttet på sine egne nettsider. 

– Sjå føre deg ein hai på dryge 3 meter, som veg godt over 100 kilo. Han sym fort som fy, er sterk som ein okse og har fleire rekker sylskarpe tenner.

Fristar det å få han nært båten? Nei?

Vel, det er akkurat det «haiteamet» no skal prøve på. Dei skal nemleg til å merke håbrann.

– Han har tenner, skikkelege tenner. Vi har enorm respekt for den munnen, seier havforskar Otte Bjelland.

Sym fleire tusen kilometer

Håbrannen er den største hurtigsymjande rovhaien i norske farvatn.

Han kan bevege seg tusenvis av kilometer over heile Atlanterhavet, men vi veit altfor lite om kor dei oppheld seg i norske farvatn og kor dei vandrar.

Og i motsetnad til den planktonetande brugda, er håbrannen på toppen av næringskjeda. Han brukar den imponerande tanngarden og høge hurtigheita godt, og forsyner seg villig av stimfisk som sild og makrell.

– Håbrannen er ein viktig predator, og vi treng meir kunnskap om desse store predatorane for å forstå heile næringsnettet og økosystemet i havet, fortel havforskar Claudia Junge, prosjektleiar for Sharks on the move.

Må få håbrannen på krok

I løpet av sommarens brugdemerking, har fokuset vore mest på sikkerheita til fisken. «Den vennlege kjempa» er stor, men ho er ikkje farleg for menneske.

Når håbrannen no står for merketur, lyt havforskarane kontinuerleg vurdere også si eiga sikkerheit.

Håbrannen er ikkje farleg for kvarmannsen på sjøen, men for å merkje han lyt forskarane ha litt meir nærkontakt med haien enn det som er vanleg.

Først av alt, lyt dei fiske han.

«Haiteamet» skal bruke kraftige fiskestenger, sterkt snøre, wire og heil fisk som agn.

Om håbrannen først bit på kroken, sveivar dei han til båten og smetter eit slitesterkt tau rundt magen hans. Det er for å halde fisken så stille som dei maktar. Merket skal sitje i ryggfinna, og forskarane må vere stødige på handa for å sikre at det vert sett rett.

– Vi må klare å halde han i ro, samstundes som håbrannen får friskt vatn over gjellene slik at han får puste, seier Bjelland.

Om gjellene til håbrannen kjem over vatn, vert han illsint.

Det veit forskarane godt, for det fekk dei erfare i fjor – då HI merkte sin aller første håbrann.

Aldri sett maken til styrke

GLISBAKK: Til slutt fekk forskarane kontroll på den illsinte haien, og gjennomførte ei vellukka satellittmerking.

I september 2022 melde fleire turistfiskebåtar frå om at haien beit hyppig på kroken, og merkeekspert Keno Ferter og Antonia Klöcker heiv seg på første fly til Lofoten.

Etter to dagar til sjøs fekk merketeamet napp. Sjølv om Ferter tidlegare hadde merkt makrellstørjer på fleire hundre kilo, så baud håbrannen på ein styrke han aldri før hadde opplevd.

Haien kjempa godt frå seg, og både rulla rundt i vatnet, beit i tauet og brukte halen til å slå etter forskarane.

Men til slutt fekk håbrannen eit merke, og forskarane fekk nyttig metode-erfaring.

Denne erfaringa har dei bygd vidare på ved å studere videoar, diskutere med kollegaar og gjennom sommarens brugdemerking.

Ambisjonane for årets håbrannsesong er skyhøge:

– I år håpar vi å merke mellom 5 og 10 håbrannar. Det er målet, seier Ferter.

Ber om tips

Nå ber de altså om tips fra publikum, slik de fikk når de etterlyste observasjoner av brugda. Der ble responsen overveldende, og forskerne merket over 40 dyr.

Nummeret til Havforskningsinstituttets «hai hotline» er 55 23 85 60, opplyser de på sine nettsider.