VIL HA HAVBRUK: Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) holdt innlegg for havbruksnæringen på konferansen «Ny havbruksteknologi – lukket produksjon i sjø og havbruk til havs» på Sola tirsdag 16.november i fjor. Nå skal saken ut på høring.

Havbruk til havs på høring: – Nok en viktig milepæl på plass

Regjeringa vedtok i november i fjor at områda Norskerenna sør, Frøyabanken nord og Trænabanken skal konsekvensvurderast for havbruk til havs. – Ingen skal fortrenges, sier fiskeriministeren.

Publisert Sist oppdatert

I dag sender Fiskeridirektoratet på høring et forslag til utgreiingsprogram.

– Dette er nok ein viktig milepæl i arbeidet med å leggje til rette for havbruk til havs. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for ytterlege vekst i ei næring som allereie bringar inn store verdiar til fellesskapet og som er den viktigaste motoren på kysten, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i ei pressemelding.

– Ingen skal fortrenges

I Hurdalsplattformen varslar regjeringa at ein vil utvikle eit eige konsesjonsregime for oppdrett til havs med strengje krav til berekraft og sameksistens mellom ulike havnæringar.

– Det er viktig for meg å vere heilt tydeleg på at næringar som allereie bruker havet skal vere tryggje på at dei ikkje blir fortrengde. Sameksistens med andre næringar og omsyn til gytefelt og oppveksterområde står heilt sentralt i arbeidet vårt, seier Skjæran.

Kan gi tusenvis av arbeidsplasser

En SINTEF-rapport anslår at mot 2050 kan havbruk til havs gi årleg verdiskaping i storleik 100 milliardar kroner, og fleire tusen tilsette inkludert ringverknadseffektar.

– Eg oppmodar alle til å bidra med konstruktive innspel i dette viktige arbeidet, seier fiskeri- og havministeren.