Illustrasjonsfoto

Torsk som et pellets har same kvalitet som anna villfisk

Eit forsøk med korttidsfôring av torsk tyder på at kvaliteten til villfisk som beitar ved oppdrettsanlegg ikkje tek skade av å ete laksefôr, skriv Nofima.

Med ujamne mellomrom kan ein lese kjensleladde innlegg der  fritids- og næringsfiskarar reagerer på at det veltar pellets ut av magesekken på fisken dei sløyer. Det både ser og luktar uappetittleg, og mange meiner denne fisken ikkje er eigna som mat.  Men veit vi eigentleg at denne dietten går ut over fiskefileten?

Lite kjennskap til problemstillinga 

Som del av eit forskingsprosjekt som skaffar kunnskap om korleis marine næringar kan leve godt saman, gjorde forskarane først ei undersøking blant nordmenn generelt for å sjekke kva dei tenker om såkalla «pelletssei» – altså sei som et fôr utanfor oppdrettsanlegg.  

Dei fleste kjente ikkje til dette. Berre menn over 60 år frå Nord-Norge hadde meiningar om saka – kanskje fordi det er nettopp dei som har opplevd å få pelletssei. I ei ny spørjeundersøking sa nordnorske fiskarar at dei meiner det særleg er lukt, tekstur og utsjånad på fisken som vert påverka av ein pelletsdiett.  

Alt vel med filetkvaliteten

For å vurdere kvaliteten, fôra forskarane ei lita gruppe villfanga torsk med pellets i fem veker før slakting. Deretter vurderte dei fisken med ein modifisert kvalitetsindeksmetode (QIM), der hovudfokuset var på lukt, tekstur og utsjånad.  

– Vi klarte ikkje å finne mange signifikante skilnadar mellom villfisk som hadde ete pellets og annan villfisk, seier postdoktor Ragnhild Aven Svalheim.    

– Fisken hadde same tekstur, lukt og utsjånad som annan fisk, men filetspaltinga var ulik. Villfanga fisk fôra med sild og reker hadde meir spalting enn dei som hadde fått pellets, men dei som hadde fått pellets hadde meir spalting enn villfisk.  

Skilnaden mellom gruppene var avhengig av kor mykje mat det var i mage-tarm-systemet til fiskane. Resultata tyda på at det ikkje er kva, men kor mykje fisken et som er avgjerande for kvaliteten.