Makrellstørja var tung, og vart teken på not.

Makrellstørje på over 300 kilo i merd

Ei makrellstørje på 330 kilo klarte å koma seg inn i ein laksemerd på Osland i Høyanger.

Publisert Sist oppdatert

Det oppstod ei beredskapshending på Osland havbruk i Høyanger då det dukka opp ein ubunden gjest i laksemerden.

Makrellstørja vog 330 kilo, og var 282 centimeter lang.

Dagleg leiar i Osland Havbruk, Marte Hatlevik, seier dette er fyrste gong dette skjer i selskapet.

- Det vart oppdaga ved oppstart av fôring i dag tidleg. Det vart sett beredskapsgruppe med ein gong, og sendt ut vaktlag og servicebåt, seier Hatlevik til NRK.

Ho seier dei tek hendinga alvorleg, og at dei jobbar for å unngå rømming.

Makrellstørja vart fanga med orkastnot, og avliva av jeger.