IKKE SUNNMØRSK: Silda i Sunnmørsfjordene er ikke stedegen, viser forskning fra HI. Det betyr også at lave sildeforekomster der ikke nødvendigvis gir grunnlag for fredning.
IKKE SUNNMØRSK: Silda i Sunnmørsfjordene er ikke stedegen, viser forskning fra HI. Det betyr også at lave sildeforekomster der ikke nødvendigvis gir grunnlag for fredning.

Havforskningen: – Sunnmøre har ikke egen sildestamme

– Havforskerne finner ikke særegne bestander i sunnmørsfjordene. Det har de avdekket gjennom grundige analyser av sild de har undersøkt i Sunnmørsfjordene det siste året.

Publisert Sist oppdatert

Spørsmålet kom ifrå Fiskeridirektoratet og Volda kommune: Er silda i sunnmørsfjordane lokale variantar, eller er det same sorten som ein finn ute i havet? 

Havforskingsinstituttet (HI) har lagt den sunnmørske silda under lupa, og konklusjonen er no klar: Silda i fjordane på Sunnmøre er lik den meir havgåande sorten. 

– Etter grundige analyser konkluderer vi med at det ikkje finst vitskapeleg grunnlag for å sei at silda i desse fjordane er ein eigen variant, seier havforskar Aril Slotte.

Sunnmørsk sild er ei blandingssild 

Resultata viser tvert i mot at silda på Sunnmøre er ei god blanding av fleire genetisk ulike havbestandar.

– Dei dominerande slaga er nordsjøsild (haustgytarar) og NVG-sild. Samansetninga av silda i desse fjordane er veldig lik den vi ser i Nordsjøen og til dels det sørlege Norskehavet i vårhalvåret, når silda møtest i beiteperioden, forklarar Slotte. 

Ikkje vitskapeleg grunnlag for freding - basert på genetikken

Men kvifor bryr havforskarane seg om kor silda eigentleg kjem frå? 

– Jo, dersom ein fann heilt lokale bestandar av sild i fjordane på Sunnmøre, altså at silda var tilpassa eit liv akkurat i dette området, så ville det vore eit vitskapeleg grunnlag for å gje råd om freding av silda her for å sikre mangfaldet i denne arten. 

Dette rådet har havforskarane blant anna gitt for silda i Sognefjorden, Nordfjord og Trondheimsfjorden – med påfølgjande reguleringar frå Fiskeridirektoratet. Men det finn altså ikkje forskarane grunnlag for på Sunnmøre. 

– Resultata tyder også på at dette er sild som er på besøk og gyter utanfor sitt faste gyteområde. Og her må eg leggja til at det ikkje er så uvanleg at silda tek seg slike turar, det er kanskje ei av årsakene til at dette er ein art som klarar seg bra. 

– Når sild frå havet brukar eit fjordsystem i sin livssyklus, så vil det sjølvsagt kunne bidra til økosystemprosessar i fjorden, uavhengig av om den er genetisk unik. Men førebels så har vi ikkje vitskapeleg grunnlag for særeigne reguleringar for slike vurderingar, seier Slotte.

Lite sild i fjorden grunna færre larvar som driv inn 

Ei anna årsak til at det for tida er det lite sild i fjordane på Sunnmøre skuldast at NVG-silda i seinare år ikkje har gytt i stort omfang utanfor fjorden. 

– Dermed har langt færre sildelarvar drive inn i området og hatt sine første leveår inne i fjordane. Vi har data gjennom fleire år med tokt i fjordane som viser at det kan vera mykje yngel av NVG-sild i området. Så det vil ha betydning for økosystemet at verdas største sildebestand vender tilbake for å gyte på Møre, seier Slotte.