![LANGT BORTE: Sør-Orknøyene sett frå forskingsfartøyet Kronprins Haakon, på tokt i Sørishavet i 2020.](https://image.kystmagasinet.no/1610216.jpg?imageId=1610216&width=960&height=548&format=jpg)
– Krill-fiskeriet rundt Sør-Orknøyane er berekraftig
Det tyder oppsummeringa etter ti år med overvaking på.
– Vi har sett på dei ti første åra med overvaking av krillen rundt Sør-Orknøyane, fortel HI-forskar Georg Skaret.
Bare Norge som overvåker
Området er det viktigaste for krillfisket i Sørishavet. Det er berre Noreg som jamleg overvakar det vesle krepsdyret her.
Havforskingsinstituttet (HI) står for overvakinga i samarbeid med fartøya som fiskar krill i det heller utilgjengelege området.
– Vi finn ingen trend i korleis bestanden utviklar seg gjennom heile tiårsperioden i dette området, seier Skaret.
– Vi finn som venta stor variasjon frå år til år, men likevel er variasjonen mindre enn i andre krillrike område som Sør-Georgia og Sør-Shetland, seier Skaret.
Dette understreker at Sør-Orknøyane er ein ‘hotspot’ for krill i Sørishavet.
![LITEN, MEN AVGJØRENDE: Krill spelar ei stor rolle i økosystemet lengst sør på kloden. Her frå krilltokt i 2020.](https://image.kystmagasinet.no/1610220.jpg?imageId=1610220&width=960&height=548&format=jpg)
Flåten fiskar etter føre-var-prinsipp
For å finna ut kor stor bestanden er, har forskarane brukt akustikk.
– Det er områda langs sokkelkanten nord for Sør-Orknøyane som har dei største krill-mengdene. Grunna straumforhold har krill ein tendens til å samla seg i område med markante skifte i djup. Der samlar det seg ofte planteplankton som krillen beitar på. Det er her flåten fiskar krill.
Havforskarane har også brukt mengdeberekningane til å evaluera om det historiske krillfisket i dette området har vore berekraftig etter CCAMLR sine føre-var-kriteriar til forvaltning.
– Resultata våre indikerer at fiskeriet har vore i tråd med føre-var prinsippet.