FLASKEHALS: Her skal Kystverket i gang med utdyping i august. Planen er å være ferdig i løpet av året.

Om noen uker starter Kystverket utdypingen av denne flaskehalsen

På oppdrag frå Kystverket skal Wasa Dredging gjere farleia djupare og breiare. Arbeidet på Mortingbåen skal vere ferdig i løpet av året.

Publisert Sist oppdatert

I august startar det anleggsaktivitet på Mortingbåen utanfor Florø i Vestland fylke.  Det melder Kystverket i en pressemelding.

– Blir begrensa plass i anleggsperioden

– Det er viktig at alle sjøfarande er obs på at det blir anleggsarbeid i farleia på Mortingbåen utanfor Florø i Kinn kommune, frå august og utover hausten, understrekar prosjektleiar John André Vegge i Kystverket.

Det vil under utdjupingsoperasjonen vere begrensa plass for passering aust av Mortingbåen. Kystverket ber sjøfarande vise forsiktigheit og omsyn til dette. Farleia vil bli merka med midlertidig merking som vil snevre inn seglingsbreidda alt etter kvar entreprenøren arbeider. Den midlertidigea merkinga blir sett opp allereie i midten av juli.

I Revidert nasjonalbudsjett for 2023 var utdjupinga av Mortingbåen eit av farvassprosjekta som blei prioritert med oppstart i 2023.

Mortingbåen – ein flaskehals

Området ved Mortingbåen er prega av fleire grunne områder og eit komplisert trafikkbilete med kryssande trafikk. Det er vurdert å vere høg risiko for grunnstøytingar ved Mortingbåen, og den utgjer ein flaskehals for større fartøy som segler innaskjers. Seglingsbreidda som er der i dag gjer at større fartøy er nøydd til å segle utanskjers med større seglingsdistanser og dårlegare vêr.

– For å auke framkoma inn til Florø , og redusere risikoen for grunnstøytingar og kollisjonar med potensielle tap av liv, personskadar, materielle skadar og miljøskadar, skal vi derfor utdjupe Mortingbåen samt fire omkringliggande grunner i hovudleia, til 14,3 meters djupne, forklarar prosjektleiar Vegge.

Utdjupinga omfattar sprenging av 141 000 kubikkmeter faste steinmassar. Desse overskotsmassane blir lagt i to ulike deponi, Panorama Florø og Fjord Base, der dei kjem til nytte i samband med lokal næringsutbygging.

Hamnespy

Det er som kjent i seinare tid blitt påvist havnespy i distriktet rundt utdjupinga. Det vart derfor sett i verk undersøkingar for å kartlegge i kva grad dette råkar utdjupingsprosjektet.Mellom anna har ein nyleg filma alle grunnene der det er planlagt utdjuping samt dei to deponiområda. Undersøkingane av utdjupingsområdane viste ingen teikn til hamnespy, men for eitt av dei to deponiområda vart det funne mindre, spredte førekomstar.– I samråd med Statsforvaltaren i Vestland og Havforskningsinstituttet vart det antatt at desse førekomstane ikkje utgjer hovudkjelda til spreiinga av hamnespy i området. 

Skal lage skjermingsvoll

På bakgrunn av dette blei det konkludert med at deponeringa av steinmassane skal gjerast i ei slik rekkjefølgje at det vert danna ein «skjermingsvoll» før vidare utdjuping. På den måten kan deponeringa av stein i prosjektet fungere som eit tiltak mot spreiing, der tildekkinga av koloniane av hamnespy vert dekt til med mange meter sprengstein og dermed fjerna som spreiingskoloni, fortel Vegge.

For det resterande anleggsarbeidet er det i tillegg til aktsemdplikta og dei kjente spreiingsreduserande tiltaka frå Sjøfartsdirektoratet, også sett ytterlegare krav til utførande entreprenør for å hindre spreiing av havnespy, opplyser Kystverket.