BRISLING: Kvoteråda for begge desse fjordane blir sett ut frå medianfangsten i perioden 2002-2016, som i fjor, skriver Havforskningen.

Har fordelt 600 tonn brisling - fortsatt fiskeforbud i denne fjorden:

Havforskingsinstituttet tilrår et brislingfiske på opptil 240 tonn i Hardangerfjorden, 360 tonn i Sognefjorden og fortsatt nullfiske i Nordfjord i 2023.

Publisert Sist oppdatert

Det melder de på egne nettsider.

Har vore god rekruttering i Hardanger og Sogn

Råda bygger på data frå brislingtoktet med «Kristine Bonnevie» i august, saman med historiske data og fangstane i fiskeriet. (Sjå faktaboks om toktet.)

– I år som i fjor såg vi mykje brisling i Hardangerfjorden, men mest eittåringar. Ein god del av desse igjen var under minstemålet på 10 centimeter, fortel bestandsansvarleg havforskar Cecilie Kvamme.

– I Sognefjorden var det også over gjennomsnittleg bra med fisk. Og der var det treåringane som dominerte. I fjor var det toåringane som dominerte, så 2020-årsklassen må ha vore sterk i Sognefjorden, fortset ho.

Kvoteråda for begge desse fjordane blir sett ut frå medianfangsten i perioden 2002-2016, som i fjor.

Men nesten ingenting i Nordfjord

I Nordfjord fann forskarane berre 0-årig brisling. Denne er for liten til å fiske på.

Dette gjer at forskarane tilrår at det ikkje blir opna for brislingfiske i Nordfjord, som dei to siste åra.

Dei rår til ei fangstavgrensing også i Trondheimsfjorden, dersom det skulle oppstå eit fiske av betydning der.

Fiskeridirektoratet set kvotane

HI driv overvaking av brisling i dei fjordane der fiskeriet går føre seg.

Det er HI som gir kvoteråd for kystbrisling. Fiskeridirektoratet set dei endelege kvotane, opplyser de.

Fakta om brislingtoktet

¤¤ Går føre seg i månadsskiftet august/september – like før fiskeriet startar.

¤¤ "Kristine Bonnevie" gjekk i år innom Hardangerfjorden, Sognefjorden og Nordfjord for å overvake kystbrislingen. 

¤¤ Forskarane brukar ekkolodd til å måle mengdene med fisk, og fiskar med trål for å samle inn biologiske prøver.

¤¤ Ut frå dei biologiske prøvane kan forskarane bekrefte kva fisk dei ser på ekkoloddet, og berekne alderen og storleiken deira.

¤¤ Forskarane les av alderen til fiskane frå øyresteinane dei har inni skallen.

¤¤ Brislingtokta dannar ein indeks for brisling som er eitt år og eldre. Nullåringane er for små til å bli fanga representativt i trålen.

(Kilde: Havforskningsinstituttet)