GYLDNE ÅR: – Eldre fisker blir som ungdommer igjen når de forteller fra de gyldne årene på 1950- og 60-tallet, skriver forfatteren. Etter en kollaps i bestanden, er størja atter tilbake langs kysten, og blir fanget på som den meget gode matfisken den er.

Gir ut bok om jakten på makrellstørja - fortalt av kystens folk

Linda B. Karlsen er aktuell med ny bok, om makrellstørja, verdens største tunfisk. – Nå er det igjen tilløp til størjefeber, sier forfatteren om fangsten som er tatt opp igjen de siste årene.

Publisert Sist oppdatert

I vaskeseddelen fra Orkana forlag står det følgende om boka som er på tur ut i bokhandlene i disse dager:

– Makrellstørja – den største tunfisken i verda – har i uminnelege tider vitja kysten vår, og folk har fiska og nytta han som matfisk.

– Eldre fiskere blir som ungdom igjen

Forfattaren set søkelyset på kystfolket og har eit breitt perspektiv på det moderne norske størjefisket, prega av speiding, spenning og beinhardt arbeid.

Eldre fiskarar blir som ungdom igjen når dei fortel frå dei gylne åra på 1950- og tidleg 1960-talet. Kystkvinnene skildrar livet heime medan mennene var på størjefisket. Boka har og med glimt frå eit mangfald av tilhøyrande næringar, og lesarane møter jamvel ein sushi-kokk, fritids- og sportsfiskarar og ein som forsøker å starte størjeoppdrett.

Nå er størja tilbake langs kysten igjen

Etter nærast ein kollaps i bestanden er det igjen tilløp til størjefeber når fisken er attende på kysten, men no innanfor eit forskingsbasert og nasjonalt og internasjonalt regulert fiske.

Linda B. Karlsen har vakse opp på Askøy og Austevoll på Vestlandet, i ein familie der fiske alltid har stått sterkt. Faren var blant pionerane på størjefisket, og farfaren omkom på størjefisket midt på 1950-talet.Karlsen er no busett i Østfold. Ho er utdanna lektor. Karlsen interesserer seg for kyst- og lokalhistorie og likar å lytta til folk sine livshistorier. Tidlegare har ho skrive ei lokalhistorisk bok om slekta si.