KOMMENTAREN: 

KRØLL: «Havstål» var leiefartøy for «Havskjer» som ble levert ett år forsinket. Derved kunne ikke «Havstål» brukes som leiefartøy før det hadde gått to år.

Nybyggsordninga - opp til forvaltinga sitt «frie skjønn» om løyve skal gjevast eller ikkje

– I Noreg er det eit politisk mål at fiskarflåten skal vera fiskareigd, og bestå av store og små båtar langs heile kysten. Dette i motsetnad til våre naboland der fiskeflåten i stor grad består av relativt få store båtar, og er eigd av nokre få store reiarlag, skriver Ask Økland i denne kommentaren.

Publisert Sist oppdatert

I Noreg er det krav om at minst halvparten av eigarane skal vera aktive fiskarar.

I Noreg er dei fleste fartøya i gruppene hav- og stor kyst er eigd av einbåtsreiarlag, men det er òg nokre reiarlag som har fleire fartøy.

For dei fleste reiarlaga som skal bygga ny båt er sal av «gamlebåten» ein vesentleg del av finansieringa, og det er sjølvsagt viktig å få best mogeleg pris for båten.

Reiarlag som driv med frakt, passasjertransport og liknande kan fritt selja båtane sine når dei vil, og leiga mellombels tonnasje om dei vil det. Slik er det ikkje for fiskebåtar.

I norsk fiskeriregulering er det eit grunnprinsipp at kvart fartøy berre skal kunne fiska sine kvotar. Det er såleis ein klar hovudregel at det ikkje er lov å leiga ut fiskekvotar eller leiga inn ein annan båt for å fiska sine kvotar. Omsynet bak regelen er politisk. Flåten skal vera eigd av aktive fiskarar, og det skal ikkje vera mogeleg å leiga ut fiskekvotar.

I byggetida må reiarlaga sjølvsagt ha inntekter. Dvs. fiska kvotane sine.

Ask Økland, advokat i Pelagisk forening

Fiskebåtreiarlaga må difor søka Fiskeridirektoratet om løyve til å erverva fiskebåtar. Det same gjeld om dei skal bygga ny båt.

Moderne fiskebåtar er svært spesialiserte, både i utforming og utrusting. Byggetida er difor lang. Ofte to til tre år. Pandemi og krig har òg ført til at mange nybygg har blitt svært forseinka.

I byggetida må reiarlaga sjølvsagt ha inntekter. Dvs. fiska kvotane sine.

Det at ein ikkje veit kva ein får for «gamlebåten» før den er seld gjer det risikofylt å bygga nye fiskebåtar. Dette kan hemma utskifting av tonnasje.

Ved nybygging har det difor lenge vore eit unntak frå forbodet mot å leiga andre båtar til å fiska fiskekvotar. Omsynet bak unntaksregelen er å letta fornying av flåten ved at reiarlaga skal kunne selja «gamlebåten» på eit økonomisk gunstig tidspunkt.

Det kan vera økonomisk gunstig å fiska to kvotesett med ein båt. Nybyggsordning kan såleis vera særs gunstig for fleirbåtsreiarlag.

Det er ikkje eit omsyn, bak reglane om nybyggsordning, at reiarlag skal koma gunstigare ut økonomisk ved ikkje å ha båt i ein periode.

Ein kan nytta leigefartøy i inntil to år, men dette kan forlengast dersom nybygget blir forseinka

Ask Økland, advokat i Pelagisk forening

Unntaksregelen blir ofte kalla «nybyggsordninga». Ordninga gjev reiarlag høve til å nytta leigefartøy dersom dei skal bygga nybygg. Dette etter søknad, og på bestemte vilkår. Ein kan nytta leigefartøy i inntil to år, men dette kan forlengast dersom nybygget blir forseinka pga. tilhøve utanfor reiarlaget sin kontroll.

Leigefartøyordninga bidreg òg til at mannskap har arbeid i byggeperioden.

Regelverket er «kan-reglar». Det er altså opp til forvaltinga sitt «frie skjønn» om løyve skal gjevast eller ikkje. Domstolane kan ikkje overprøva forvaltninga sitt «frie skjønn». Det kan vera uheldig.

Det er lite sannsynleg at reiarlag som får avslag på søknad om å bygga nybygg tek avslaget til retten. Det er raskare, og enklare, å tilpassa seg, og søkja på nytt.

Om ein fiskebåt er under bygging, og nybygget blir vesentleg forseinka risikerer reiarlaget å tapa mange titals millionar i fangstinntekter, om det ikkje får godkjent forlenging av løyve til å nytta leigefartøy. Då kan det vera ein sikkerheitsgaranti å få rettsleg prøving av vedtak om avslag. Rettsleg prøving kan òg medverka til at like saker blir handsama likt.

Leiga for fiskefartøy blir vanlegvis betalt med ein del av fangstinntektene. Det er avtalefridom på området, men mitt inntrykk er at det er vesentleg meir attraktivt å leiga ut fartøy, enn å måtte leiga fartøy for å fiska kvotane sine.

Slike er det ikkje for fleirbåtsreiarlag som kan leiga båt «av seg sjølv». For fleirbåtsreiarlag inneber det å kunne fiska to kvotesett med ein båt at reiarlaget sparar store driftsutgifter.

Fiskeridirektoratet har nett hatt endring i leigefartøyordninga på høyring.

Bakgrunnen for høyringa var kritikk frå Riksrevisjonen. Riksrevisjonen meinte at det er for mange kvotar som ikkje er tilknytt ein fiskebåt. Stortinget slutta seg til kritikken frå Riksrevisjonen.

Som så mange andre høyringsforslaga burde saka vore betre konsekvensutgreidd.

Ask Økland, advokat i Pelagisk forening

Ordninga er viktig, og bør vidareførast. Om naudsynt med visse justeringar.

Som så mange andre høyringsforslaga burde saka vore betre konsekvensutgreidd.

For havfiskeflåten foreslår direktoratet å utvida leigefartøyordninga frå to til tre år. Det er vanskeleg å forstå kvifor, når bakgrunnen for høyringa er kritikk frå Riksrevisjonen om at for mange kvotar ikkje er knytt til eit fiskefartøy.

Dersom dette forslaget blir vedtatt er det sannsynleg med ei stor auking i kor stor del av kvotane som ikkje er tilknytt noko fartøy. Dersom forslaget blir vedtatt vil det truleg vera få fleirbåtsreiarlag som brukar mindre enn tre år når dei bygger ny båt.

Direktoratet vurderer òg om fartøy under ti meter loa bør stengast ute frå ordninga. Fiskebåtar under ti meter loa er òg svært spesialiserte, og byggetida kan vera lang. Dette ofte pga. levering av utstyr. Dersom forslaget blir vedtatt vil det kunne føra til mindre fornying av den minste fiskeflåten.

Det skin gjennom at bakgrunnen for høyringa m.a. er at ordninga har blitt misbrukt. Leigefartøyordninga er viktig for at Noreg skal kunne ha ein moderne konkurransedyktig flåte med gode arbeidstilhøve, og stor grad av tryggleik for mannskapet.

Dersom forslaget blir vedtatt vil det kunne føra til mindre fornying av den minste fiskeflåten.

Ask Økland, advokat i Pelagisk forening

Difor må ordninga vidareførast, og ein bør ikkje utnytta ordninga utover intensjonane med ordninga.

¤¤ Denne kommentaren har tidligere stått på trykk i Kystmagasinets papirutgave for oktober. Red.