KOMMENTAREN: 

BLE STRAFFET: – Ein 44 år gamal mann arbeidde som fiskar. Han fekk avskjed p.g.a. uønskt åtferd, og seksuell trakassering av ei 18 år gamal kvinneleg lærling, skriver kronikkforfatteren. Illustrasjonsbilde.

Trakassering ombord som avskjedsgrunn - fra rettspraksis

– Trakassering skjer ikkje berre hjå andre. Brått kan trakassering skje om bord i din båt, eller på din arbeidsplass. Då er det greitt å ha tenkt gjennom kva du bør, pliktar, og kan, gjera, skriver jurist Ask Økland i denne kronikken.

Publisert Sist oppdatert

I mai 2018 avsa Sunnmøre tingrett ein dom om avskjed, p. g. a. trakassering, om bord på ein fiskebåt. Det er ein illustrerande, god, og korrekt, dom. Dommen er frå før den verdsomspennande «Me Too-kampanjen», og altså før det blei stort fokus på seksuell trakassering i arbeidslivet.

Ein 44 år gamal mann arbeidde som fiskar. Han fekk avskjed p.g.a. uønskt åtferd, og seksuell trakassering av ei 18 år gamal kvinneleg lærling.

Fiskaren gjekk til sak, kravde avskjeden ugyldig, og kravde skadebot.

Retten stadfesta at avskjeden var rettmessig. Fiskaren blei òg idømt sakskostnadar.

I saka kom det fram at det var ein del «griseprat» og annan grov humor i «røykerommet» om bord.

Fiskaren hadde tilbode lærlingen betaling (kontant og vipps) for å kle seg naken, slik at han «kunne se og ta på brystene hennes.» Fiskaren hadde òg spurt om han skulle kjøpe sexleiketøy (vibrator) til henne, stilt spørsmål om ho var viljug til å ha samleie, som han var viljug til å betala henne for. Fiskaren hadde òg sendt henne tekstmeldingar med referansar «til hans forhold til henne».

...skipperen fant det naudsynt å avbryta turen. Avbroten tur kosta ca. èin million kroner, i følje reiarlaget.

Advokat Ask Økland, Pelagisk forening

Hendingane medførte at lærlingen ikkje lenger tura å opphalda seg i nærleiken av fiskaren. Trakasseringa, og lærlingen sitt ønske om å forlata båten, gjorde at skipperen fant det naudsynt å avbryta turen. Avbroten tur kosta ca. èn million kroner, i følje reiarlaget.

Når båten kom til land var det eit kort drøftingsmøte, mellom reiarlaget og fiskaren. Reiarlaget var representert ved advokat.

Først måtte retten vurdera om vilkåra for avskjed var oppfylt. Skipsarbeidslova har ikkje ein definisjon av kva som er trakassering. Det juridiske vilkåret, for avskjed er at det har skjedd eit «grovt pliktbrudd eller annet vesentlig mislighold av arbeidsavtalen», jf. skipsarbeidslova § 5-14 (1). Regelen er tufta på den vanlege avskjedsregelen i arbeidsmiljølov § 15-14. Difor er rettspraksis etter arbeidsmiljølova relevant, og retten uttalte at «Det skal imidlertid tas hensyn til de særlige problemstillinger som knytter seg til at arbeidet skjer om bord i et skip.» Dvs. at det at ein arbeider tett om bord i skip, og at det ikkje er mogeleg å forlata arbeidsplassen/båten, og at ein må opphalda seg på båten i fritida, gjer at det er strengare krav til korrekt åtferd.

...retten uttalte at fiiskaren si åtferd «klart var et vesentlig mislighold av arbeidsavtalen.

Advokat Ask Økland, Pelagisk forening

I denne konkrete saka blei det òg lagt vekt på at lærlingen var redd for at fiskaren skulle koma inn på lugaren hennar, og at tryggleiksomsyn gjorde at det ikkje var lov å låsa lugardørane.

Retten uttalte at «For at en avskjed skal kjennes gyldig må retten foreta en bred helhetsvurdering, der en ut fra hensynet til den ansatte og bedriften må vurdere om avskjeden fremstår som en urimelig eller uforholdsmessig reaksjon. I hvilken grad arbeidstaker kan bebreides vil ofte være en sentral problemstilling i vurderingen.»

Retten konkluderte med at fiskaren si åtferd «klart var et vesentlig mislighold av arbeidsavtalen. I tillegg til at særlig tilbud om kjøp av sex i seg selv representerte en uakseptabel og nedverdigende handling mot en kollega er det også det lagt vekt på aldersforskjellen mellom de to, og ikke minst at fornærmede var i en utsatt posisjon som ung kvinnelig lærling på en fiskebåt der mannskapet ellers var menn.»

Retten la òg vekt på at lærlingen ikkje lengre tora å vera i nærleiken av fiskaren. Altså lærlingen si oppleving av hendingane.

Retten legg òg vekt på omsynet til fiskaren. Altså kva konsekvens avskjed har for han, men retten meinte at tillitsbrotet til fiskaren var så alvorleg at omsynet til han ikkje kunne vera avgjerande.

...ein av mannskapet uttalte at dersom båten går ut med fiskaren så går han av.

Advokat Ask Økland, Pelagisk forening

Retten uttalte at «Avskjeden vurderes verken som urimelig eller som en uforholdsmessig steng reaksjon.»

Det kan òg nemnast at då båten var ved kai i Måløy uttalte ein av mannskapet at dersom båten går ut med fiskaren så går han av. Dette mannskapet nekta altså å vera om bord dersom fiskaren fekk fortsetja om bord. Han risikerte altså stillinga si. Det er tøft gjort, og det står respekt av dette.

Retten er tydeleg på at sakshandsaminga forut for avskjeden er reiarlaget sitt ansvar, og at dette er sentralt i avskjedsvurderinga.

Retten kritiserer reiarlaget, og skriv at «de ansvarlige på fiskefartøyet burde aktivt tatt fatt i den seksuelle humoren som utviklet seg på røykerommet…Arbeidsgiver ansvar for å følge opp lærlingen ble derfor ikke ivaretatt.»

Dette blei ikkje tillagt avgjerande vekt fordi fiskaren «uansett må ta ansvar for egen grovt trakasserende oppførsel mot en kollega.»

Fiskaren blei først kjent med avskjedssaka då dei kom til land i Måløy. Reiarlaget blei òg kritisert for at det ikkje hadde vurdert suspensjon eller gitt fiskaren tid til å imøtegå påstandane før avskjed blei gjeve etter eit kort møte på ca. 15 minutt. «men retten kom til at tillitsbruddet var så alvorlig at hensynet til arbeidstaker ikke kunne avgjøre saken og at arbeidsgiver i realiteten ikke hadde hatt annet alternativ enn umiddelbar oppsigelse.» Dersom pliktbrotet (trakasseringa) var mindre grov ville domsresultatet kunne blitt eit anna.

Alder, og styrketilhøve, mellom dei to er viktige i vurderinga.

Advokat Ask Økland, Pelagisk forening

Kva kan ein så læra av dommen?

Reiarlag har ein klar handlingsplikt til å ikkje la uønskt åtferd få utvikla seg.

Plikta gjeld spesielt leiande mannskap.

Grov seksuell trakassering er avskjedsgrunn. Dette sjølv om reiarlaget har forsømt handlingsplikta si.

Den trakasserte si oppleving er vesentleg i vurderinga av om åtferd er avskjedsgrunn.

Alder, og styrketilhøve, mellom dei to er viktige i vurderinga.

Det at ein ikkje kan forlata båten/arbeidsplassen, og må opphalda seg på båten på fritida, skjerpar mannskapet sitt krav til åtferd. Dette gjer òg at terskelen for avskjed kan vera lågare enn kva som kan vera tilfelle på land.

Reiarlag pliktar å vurdera suspensjon før avskjed.

Arbeidstakarar har rett til nok tid til å koma med ei reell imøtegåing av klager mot han.

...«terskelen» for oppseiing er lågare enn for avskjed.

Advokat Ask Økland, Pelagisk forening

Det kan òg nemnast at «terskelen» for oppseiing er lågare enn for avskjed. Det kan såleis vera klokt å heller sei opp folk ein meiner trakasserer kollegaar.

I arbeidsrettssaker er formalia, og kontradiksjon, viktig. Dersom arbeidsgjevarar gjer feil her kan dei tapa saker sjølv om handlingar isolert sett kvalifiserer til oppseiing eller avskjed. Det er difor viktig å ta seg tid til god sakshandsaming, og om naudsynt ha kvalifisert bistand.

¤¤ Denne kommentaren har tidligere stått på trykk i Kystmagasinets papirutgave. Red.