Kronikk
Kva seier dette om rettsstaten – og om demokratiet vårt?
– Status no er alvorleg. Vi har regjeringsadvokatar som gjer alt dei kan for å hindre at saka om formuesskatten på arbeidande kapital blir prøvd for Sunnmøre tingrett, skriv Lars Oscar Øvstegård i denne kronikken.
Når Sosialistisk Venstreparti og Rødt no vil auke formuesskatten på arbeidande kapital – ein skatt som fleire av landets og Europas fremste juristar meiner kan vere konfiskatorisk og dermed i strid med Grunnlova § 105 – må vi stille eit grunnleggjande spørsmål:
Kva slags moralsk kompass har politikarar som vil auke ein skatt dei no er informert om kan vere ulovleg?
Auke ein allereie øydeleggjande skatt
Dei veit at staten er stemna for brot på Grunnlova og EMK. Dei veit at nokre av landets fremste professorar innan skatt, finans og økonomi skal vitne som ekspertar i retten, og at advokat Jan Magne Langseth i Simonsen Vogt Wiig skal føre saka. Likevel vel SV og Rødt å gå endå lenger – dei ønskjer å auke ein skatt som allereie er ekstremt øydeleggjande for norsk, lokalt eigarskap.
Etter den dramatiske auken på 107 prosent sidan Jonas kom til makta, meiner vi at formuesskatten har blitt konfiskatorisk og dermed grunnlovsstridig. Er ikkje dette eit uttrykk for politisk arroganse utan sidestykke? Kva skjer med rettsstaten og respekten for Grunnlova dersom politiske parti bevisst aukar ein skatt dei er informert om kan vere ulovleg?
Eg meiner dette må få konsekvensar for politikarar som med ideologisk blindskap set framtidig verdiskaping og velferd i fare. Det er merkeleg at rettferdig behandling og like vilkår for norsk, lokalt eigarskap ikkje ser ut til å bety noko for desse politikarane. Det er rett og slett skremmande.
Heilt feil
Korleis kan det vere greitt å lyge om ein skatt som øydelegg norskeigd næringsliv? Dei siste vekene har Arbeidarpartiet blitt avslørt i reine løgner om både gratis ferjer og sletting av studielån. Men kva med alle løgnene som Ap, SV og Rødt har spreidd om formuesskatten på arbeidande kapital? Det finst knapt nokon annan sak det er sagt så mykje usant om som nettopp denne skatten. Dei lèt som om dette handlar om at «dei rike ikkje betaler sin del», og at det er ein milliardærdebatt.
Men, det er heilt feil. Det er trist og skremmande å sjå korleis regjeringsadvokatane, finansministeren, finansdepartementet, statsministeren og politiske parti kan behandle sine eigne verdiskaparar med så lite respekt. Når staten og politikarane vender ryggen til dei som faktisk byggjer landet, er det ikkje berre næringslivet som taper – det er Noreg.
Kva seier dette om rettsstaten – og om demokratiet vårt?
Store konsekvensar
Status no er alvorleg. Vi har regjeringsadvokatar som gjer alt dei kan for å hindre at saka om formuesskatten på arbeidande kapital blir prøvd for Sunnmøre tingrett. Samtidig har vi politiske parti som bevisst ønskjer å gjere ein skatt – som allereie kan vere i strid med Grunnlova og EMK artikkel P1-1 – endå større. Kva seier det om rettsstaten når staten sjølv motarbeider retten til å få prøvd ei sak som handlar om grunnleggjande eigedomsrett?
Kva seier det om demokratiet når folkevalde politikarar pressar på for å auke ein skatt som ekspertar meiner kan vere grunnlovsstridig og i strid med menneskerettane? Og kva seier det om venstresida i norsk politikk – når dei med opne auge aukar presset og påfører store menneskelege konsekvensar for dei menneska som skapar arbeidsplassar, trygge skatteinntekter, lokalsamfunn og framtidig velferd?
Det burde vere eit heilt grunnleggjande krav i eit demokrati at dei som styrer landet snakkar sant til folket – særleg om skattar og rammevilkår som avgjer om norske arbeidsplassar overlever eller forsvinn. Når våre fremste folkevalde – som har ansvar for sanninga – vel det motsette, må nokon stå opp. Ikkje berre for næringslivet, men for demokratiet, for rettsstaten og for framtida. Og det er derfor denne kampen blir kjempa.
Det norske folk fortener sanning
No slår grunnmuren i velferdsstaten og framtidig verdiskaping sprekker. Det kan eg ikkje sitje stille og sjå på.
Den samanliknande studien på 184 sider, utarbeidd av professor Mads Andenæs, Carl Baudenbacher – den lengstsitjande presidenten i EFTA-domstolen – og Laura Baudenbacher, er no internasjonalt publisert i bokform. Nesten 400 eigarar av små og mellomstore bedrifter var med og finansierte studien gjennom Spleis. Studien slår fast at ingen andre land har ein konfiskatorisk formuesskatt på arbeidande kapital – berre Noreg.
For meg verkar det som om regjeringsadvokaten gjer alt for at denne studien ikkje skal bli belyst i Sunnmøre tingrett. Kvifor kjempar dei så hardt for å hindre at saka blir løfta inn i rettssalen, viss makta ikkje har noko å frykte? Det norske folk og norskeigd næringsliv fortener sanning.