MEST ERFAREN: Den forulukka mannen var saman med ein annan fiskar. Forulukka hadde som oppgåve å huka på teiner, og var ansett som den mest erfarne av dei to, står det å lese i rapporten.

Slik vert ulukka på «Hunter» skildra

I ein rapport til Sjøfartsdirektoratet vert hendingsforløpet til ulukka 30. januar på fiskebåten «Hunter» skildra.

Publisert

Søket gav ikkje resultat, og ein mann i 30-åra frå Latvia omkom.

Ulukka skjedde under setjing av krabbeline. I rapporten skriv dei at det var tåke og mørkt då ulukka fann stad.

Den forulukka mannen var saman med ein annan fiskar. Forulukka hadde som oppgåve å huka på teiner, og var ansett som den mest erfarne av dei to. Den andre fiskarane løfta teinene av transportbåndet for å mata dei til den forulukka.

I rapporten skriv dei at denne prosessen gjer at den fiskar nummer to har ryggen til, og soleis ikkje augekontakt med den forulukka til ei kvar tid.

Då ulukka skjedde såg dei ikkje kvarandre, og eit svakt skrik gjorde at den andre fiskaren merksam på kva som hadde skjedd. Han sprang til styrhuset for å varsla styrmann. Deretter fekk vinsjkøyrar på dekk varsel om å dra inn lina.

Dette går ikkje på grunn av vinsjen sin låge trekkraft og spenninga som kjem av båten sine røyrsler, står det i rapporten.

Vidare skriv dei at vinsjen ikkje er meint for denne operasjonen då det er oppbevaringsvinsjer.

Etter dette vert lina kutta, for å kunne dreia rundt sikkert. Styrmann legg roret rundt, samstundes vert skipper kontakta til brua.

Han er til stades rundt 18.10. Fabrikkmannskapet vert informert og deltek i søk.

I rapporten skriv dei at dei då fekk stadfesta at dei er åleine i området, og varsling ut av båten vert ikkje prioritet då søk vert ansett som viktigare.

Klokka 18.56 vert reiar varsla om å starta beredskapsteam, medan båten held fram med sikksakk-og redningssøk.

45 minutt seinare er skipet i kontakt med Hovedredningssentralen (HRS) for å få eit nytt søkeområdet, basert på vêr og drift.

Klokka 20.00 sender «Hunter» ut mayday om “man over board” (mob) på VHF då andre båtar er komen innanfor AIS/VHF dekning.

Minnestund om bord i «Hunter».

Søk etter omkomen person startar 21.30 etter informasjon frå HRS.

I rapporten skriv dei at skipa «Vima» og «Vestland Artic» er på staden rundt 21.50. Dei deltok i søket, og følgde HRS sitt søkjemønster.

Klokka 0105 får «Hunter» nytt søkjemønster. «Vima» og «Vestland Artic» vert informert kontinuerleg, og «Hunter» fungerar som ein stadsleiar.

Klokka 02.37 vert eigedelane frå forulukka sikra.

«Hunter» får igjen nytt søkjemønster klokka 06.23. Tolv minutt seinare informerer dei «Vima» og «Vestland Artic» at både kan avslutta søkjet, og fortsetja med eigne oppgåver.

Begge båtane held fram søket til klokka 08.00.

Klokka 12.15 vert mannskapet om bord prioritet, då søkjeområdet er så stort at det ikkje lenger vert ansett som effektivt.

Dagen etter kjem KV «Harstad» klokka 10.48. Dei bistår å røkte krabbelina, i tilfelle forulukka heng fast i den.

Forulukka er framleis ikkje funnen.

Endringar

I rapporten vert det spurt om det har vore gjennomgang av farer ved skips- eller arbeidsoperasjonar.

Her vert det svart at dei har vore gjennom reiarlagets risikoanalyse ved setjing av teiner, i tillegg til at det er kontinuerleg snakk om farer og viktigheit av årevåkenheit ved dekksarbeid generelt.

Det vert òg spurt om det er sett i verk førebyggjande tiltak på skipet eller i reiarlaget, både på kort og lang sikt.

Det vert svara ut med ei rekkje tiltak som:

    • Alarmknapp for raskare varsling.
    • Setjing av teiner i eit anna tempo.
    • AIS sendarar på arbeidsvestar
    • Gjennomgang av risiko analyse.
    • Etablera betre prosedyrar for MOB.
    • Etablerar prosedyrer for tauverk og teiner generelt med tanke på levetid.
    • Etablera meir og betre belysning akterover ut i sjøen.
    • Iverksetta tiltaksplan med mannskap innvolvert med tanke på betring av sikkerheit ved setjing av teiner.