I norsk samanheng står fiske og havbruk for det meste av plastavfallet i havet.

Slik får vi bukt med plastavfall frå fiske og havbruk

Forskarar har no identifisert dei viktigaste utfordringane ein må ta tak i for å redusere marint plastavfall.

Publisert

I norsk samanheng står fiske og havbruk for det meste av plastavfallet i havet. Denne forureininga har alvorlege konsekvensar for natur og miljø. 

I eit eige prosjekt har forskarar undersøkt plastprodukt innan fiske og akvakultur. Der undersøker dei korleis vi kan oppnå meir berekraftig og sirkulær praksis for dei mest problematiske produkta.

Ved å identifisere utfordringane som oppstår gjennom levetida til produktet og foreslå berekraftige løysningar for å møte dei, er måla som følger:

  • Utvikle betre og meir sirkulære produkt.
  • Redusere plastavfall frå fiskeri- og havbruksnæringen gjennom betre bruk av utstyr og reiskap.
  • Sørge for at produkta kan sporast opp og samlast inn meir effektivt. Vidare å ha nok kvalitet til at dei kan brukast vidare eller brukast igjen i nye produkt.

I ein ny rapport skildrar forskarane utfordringar og moglege løysingar på det som må seiest å være eit stort og komplekst problem.

– Det er eit potensial for forbetring i alle fasar av levetida til plastproduktet, frå design til deponering, seier forskar Megan Palmer-Abbs ved Nordlandsforskning.

– Sektorane sjølv er positive til å få bukt med problemet med plastavfall, men det manglar eit etablert, standardisert, obligatorisk system tilgjengeleg for alle.

Billig, men miljøfarleg 

Sommaren 2022 samla forskarane i prosjektet ei rekke aktørar frå verda til plastprodukta. Representantar frå heile verdikjeda var representert: dei som utviklar produkta, ekspertar på produksjon og avfall, ekspertar på gjenvinning og deponering, og forskarar.

Deltakarane ble einig om å dele livssyklusen til plastprodukta inn i fire hovudkategoriar: 

1. Utvikling, design og produksjon. 

2. Bruk. 

3. Innsamling. 

4. Gjenvinning og deponering.

– Utfordringane begynner allereie med utvikling, design og produksjon. Mykje der skjer utanfor Noregs grenser, seier Palmer-Abbs.

Ho fortel at det er billegare å importere plastprodukt frå til dømes Asia enn å utvikle og produsere dei same produkta i Noreg. Men i mange tilfelle har vi ingen kontroll over kva type plast som brukast og kvaliteten på han. 

– Produkt med låg plastkvalitet øydeleggast raskare og blir fortare til mikroplast, seier ho.

Tøffe forhold 

Eit av forslaga til løysing frå forskarane er å etablere ein ny, tverrfagleg kontrollinstans. Han skal sjekke kvaliteten på plasten, sørge for meir miljøvenleg produktdesign og sjå til at produkta er egna for gjenbruk eller resirkulering.

– Den nye instansen bør inkludere ekspertise frå resirkulerings- og avfallssektoren. Der har Noreg nokre av verdas leiande ekspertar. I tillegg bør ein innføre norske standardar for sirkulær design, seier Palmer-Abbs.

Når produkta først takast i bruk, er hovudproblemet at fragment eller heile delar av fiskereiskapen eller utstyret til akvakultur, går tapt. Resultatet er at det meste av plastavfallet langs kysten kjem frå fiskeri- og havbruksnæringa.

– Sektorane for fiske og havbruk tar godt vare på utstyret, men slit med tøffe driftsforhold. Det kan gjerast forbetringar som møter behova til alle aktørar, både store og små, seier Palmer-Abbs.

Forskarane har diskutert om og korleis utstyret kunne merkast for å bli funnen igjen. Elektronisk overvaking, farga trådar i tau og bruk av bøyer var blant forslaga.

– I Noreg finst det allereie fleire system for innsamling av fiskeutstyr og avfall. Utfordringane er likevel mange, seier Palmer-Abbs.

– Mindre fartøy slit med kapasitet og ressursar til å prioritere avfallshandtering. I tillegg er kysten veldig lang her i landet. Det er for få stader å deponere avfallet, seier ho.

Lang kyst, få fasilitetar 

Det krev samarbeid mellom fleire institusjonar å få ordentleg skikk på handtering av avfall frå fiskeri- og havbrukssektoren. Dessutan krev det tilstrekkeleg finansiering.

– Anlegga for handtering av avfall langs kysten er for få, og det finst ikkje noko etablert system for korleis ein skal sortere avfallet, seier Palmer-Abbs. 

Når avfallet først er fiska opp og brakt til hamn, er målet gjenbruk eller gjenvinning.

– Det gjerest ein del resirkulering, men langt frå nok. Her startar utfordringane allereie i utforminga av produktet. Blir det laga slik at delar som kan resirkulerast lett, kan skiljast frå resten? Er plasten av god nok kvalitet til å brukast igjen? spør Palmer-Abbs.

Mange moglege produkt 

Vellykka resirkulering er framleis ei utfordring, sjølv om produktet har dei eigenskapane som trengst for å bli ein del av andre produkt.

– Vi treng resirkulering i mykje større skala enn i dag. Forebels manglar det vilje hos sentrale aktørar. Det manglar også eit effektivt retursystem. Avfallshandtering i fiskeri- og havbrukssektoren manglar dessutan koordinering og konsekvensar dersom det ikkje blir gjort, seier Palmer-Abbs.

Det finst mange gode døme både på vellykka produktdesign, gjenbruk og resirkulering. Fiskegarn kan til dømes bli målnett eller hundeband. 

Mange typar plast kan brukast igjen i sikkerheitsutstyr til tunnelar eller i kajakkar, hagemøblar og mange andre produkt.

Trenger betre samarbeid 

I dag hamnar for mykje innsamla plastavfall på søppelfyllingar eller i forbrenningsanlegg. Mange produkt har eit komplisert design. Det gjer det vanskeleg å skilje plast frå til dømes metall.

– Slik situasjonen er i dag, blir ikkje alle fiskarar motivert til å levere avfallet sitt. Tilleggsutgifter og mangel på avfallsanlegg gjer at dette får låg prioritet i ein travel kvardag, seier Palmer-Abbs.

– Havbrukssektoren har tatt ansvar. Vi ser nå forbetringar i innsamling og levering til gjenvinning. Likevel må det meir til for å verkeleg gjere ein forskjell.

Regulering fungerer 

For å utjamna konkurransevilkåra for både små og store aktørar i fiskeri- og havbrukssektoren, krevst det felles tenking og handling. Aktørar innan både offentleg, privat og frivillig sektor må prate saman. 

– For å oppnå dette trenger vi regulering og egna mekanismar. Dei må oppmuntre brukarar til å samle inn, sortere og levere avfall. Slik at vi kan oppnå vesentleg meir resirkulering og skape ein meir omfattande sekundærmarknad for avfallet vårt, seier Palmer-Abbs. 

Ho legg til at regulering ser ut til å vere ein måte som har fungert tidlegare i Noreg.

Forskaren etterlyser ein robust offentleg sektor i samarbeid mellom industri, forsking og frivillig sektor.

– Kjernemålet må vere løysingar som både oppfyller industribehov og forbetrar sirkulariteten i produkta, seier Palmer-Abbs.