DS «Stavenes» skal restaurerast slik den såg ut i 1939.
DS «Stavenes» skal restaurerast slik den såg ut i 1939.

Veteranane held liv i båten: – Galskap er ein av grunnane til at me er her

DS «Stavenes» har eit tynt snølag som dekkjer dekket. Det er nok til at dugnadsgjengen ikkje tek sjangsen på å ordna rekkverk denne torsdagen.

Publisert

– Det var den første bilferja på Sognefjorden, fortel Øyvin Konglevoll i Veteranskibslaget Stavenes, når sognejournalisten til Skipsrevyen kjem om bord.

Konglevoll er ein av dei faste dugnadsarbeidarane på det 111 fot lange dampskipet frå 1904. Dei 181 tonna med skip vart i 1991 redda til Noreg frå å bli fundament til ein kaistruktur i England.

Vidar Berger, Steinar Korneliusen, Øyvin Konglevoll, Svein Ove Weiseth og Lars Hille.
Vidar Berger, Steinar Korneliusen, Øyvin Konglevoll, Svein Ove Weiseth og Lars Hille.

30 år

30 år seinare er mykje gjort, men ein del gjenstår for å få den i stand, slik den såg ut i 1939.

– Det heile stoppa opp mellom mellom 90 og 2000-talet på grunn av mangel på midlar og interesse. Dei tok ut motoren og bygde eit tak over skipet, slik at den ikkje ville forfalla meir. I 2007 reorganiserte laget seg og sidan har det vore ein intensiv innsats.

No går skipet for eiga maskin, som kullfyrt dampskip, akkurat slik riksantikvaren ville ha det.

Kvar tysdag og torsdag møter eit varierande antall pensjonistar opp for å halda skipet vedlike og pussar opp etter retningslinjer frå riksantikvaren.

– Det var fleire med førre gong, men då var det ikkje slikt vêr, seier Vidar Berger.

Rekkverket byrjar å koma på plass, men snølaget gjer at dekket er glatt, så tek dei ikkje sjangsen.
Rekkverket byrjar å koma på plass, men snølaget gjer at dekket er glatt, så tek dei ikkje sjangsen.

– Men me har no vore ute ei vinternatt før, humrar Stein Ove Weiseth.

Kreml

Tankane vandrar fort til dei som er råka av krigen i Ukraina. Karane har svært lite til overs for Putin.

– Eg såg at han ramla ned nokre trapper her om dagen. Det låg på nettet i går. Dreit seg ut gjorde han og, humrar Weiseth og legg til:

– Bokstavleg talt, men det vart avvist av Kreml.

Latteren sit laust hjå dugnadskarane. Som mykje anna dugnadsarbeid er det ein del skitprat og kaffi. Det er noko av det som trekk dei om bord på «Stavenes» gong på gong, i harmoni med sunn galskap.

Svein Ove Weiseth
Svein Ove Weiseth

Galskap

– Galskap er ein av grunnane til at me er her. Då eg gjekk av med pensjon når eg var 65, var det under nedbemanninga i oljeindustrien. Eg fekk streng beskjed av kona at ho ikkje ville ha meg heime og at eg måtte koma meg ut. Eg kjende nokon i denne bransjen, og slik hamna eg her, fortel Berger.

Karane ler litt, men er raske til å skryta av kona hans.

Dei har trekt over ein duk i tilfelle det blir dårleg vêr. Sidan dei er i Bergen er dei klok av skade.
Dei har trekt over ein duk i tilfelle det blir dårleg vêr. Sidan dei er i Bergen er dei klok av skade.

– Han har ei jævla bra kjerring som jagar han ut av huset. Ho har no jaggu vore med på ein del dugnad ho og, seier Konglevoll.

Utfordringar

– Kva utfordringar er det med å pussa opp veteranskipet?

– Det er eit stort prosjekt. Det skal gjerast i henhold til retningslinjene til riksantikvaren, fordi det er eit verna fratøy.

I år har karane loggført 2500 dugnadstimar.

Dieselmotoren er bygd på Laksevåg.
Dieselmotoren er bygd på Laksevåg.

– Det går noko enormt med tid og kostar mykje peng, som me i utgangspunktet ikkje har. Me får bevilgningar frå statsbudsjettet, som går gjennom ulike innstansar. Problemet er at me ikkje veit no om me får midlar til neste år. Det er både utfordrande og frustrerande.

Media

Tidlegare i år vitja NRK karane. Sidan det er frivilligheitens år var dei belaga på ein reportasje om det. I staden vart det snakk om klimatiltak på veteranskip. Det er klokkeklart kva dei meiner om det.

Då Skipsrevyen vitjar båten er dei i gang med å festa plater på veggane i salongen.
Då Skipsrevyen vitjar båten er dei i gang med å festa plater på veggane i salongen.

– Det er tre dampskip i Noreg, som står i ro nesten heile året. Så dette er ikkje eit problem.

Kullfyrt

Men i desse tider er det ikkje lett å vera eit kullfyrt dampskip. Kull er både vanskeleg og dyrt å få tak i.

– Prisen er dobla sidan i fjor. Me fekk tak i to tonn med polsk lokomotivkål som me fekk sendt via Danmark og hit.

Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke
Foto: Anders Huke