HI-tekniker og stangfiskeekspert Jan Hinriksson med lysing på over 10 kg. Her fra privat fisketur.

Lite framandstoff i lysing

Nifs på utsida, men delikat på bordet – rovfisken får tommel opp frå giftstoffekspertane. Det skrive Havforskingsinstituttet i ein nyhetssak på sine heimesider.

Publisert

Kontakt: Forsker Michael Bank

På botnen i både hav og fjordstrøk lurar eit ganske perfekt rovdyr: Lysingen.

Kjeften er fullspekka med sylkvasse tenner, og blikket alltid vendt oppover.

Har ein livsstil som gjerne legg til rette for miljøgifter

Lysingen vandrar opp og ned i vannsøyla – er ikkje kresen og glefsar i seg dei fleste uheldige skapningar som måtte svømme forbi. Som reker, makrell, sild, augepål, vassild og til ein viss grad også sine eigne.

Då skulle du også tru at denne toppredatoren kunne ha anlegg for å samle opp miljøgifter frå eit langt liv med eit mangfald av storvokste offer.

Slik er det ikkje, skal vi tru undersøkingar av filetane til 788 lysingar frå norske hav og fjordstrøk.

Prøver og resultat

Sampling location and spatial distribution of mercury (Hg - mg/kg wet wt.) PCB6 (ng/g wet wt.), and PBDE7 (ng/g wet wt.) in European Hake (Merluccius merluccius) fillets sampled from the Northeast Atlantic Ocean in 2019-2022. (Illustrasjon fra rapporten)

Ulike framandstoff hadde ulike geografiske trendar. Her ser vi nivåa av høvesvis kvikksølv, PCB6 og PBDE7 (bromert flammehemmar) i lysing-prøvane. Nivåa gjeld per kilo fisk målt i våtvekt.

Sjå kartet over kor prøvane stammer frå i faktaboksen.

Generelt låge nivå av framandstoff

– Studien vår viser at trass for at lysingen er ein langlevd toppredator, er framandstoffnivåa i fileten generelt låge, seier HI-forskar Michael Bank.

Lysing er kalla ein klimavinnar i Nordsjøen, og fiskeriet er i vekst. Det er også aukande interesse for målretta fritidsfiske etter arten langs kysten. Det er noko av bakgrunnen for analysane, gjort på vegner av Mattilsynet.

...med nokre unntak nær gammal bossfylling i fjorden

Forskarane analyserte fiskekjøtet for kvikksølv, kadmium, bly, dioksin, dioksinliknande PCB, bromerte flammehemmarar, sprøytemiddel, og fluor (PFAS).

– Nivåa var for det aller meste godt under europeiske og norske matmyndigheiter sine grensenivå, også i dei aller største fiskane, seier Bank.

Eit par unntak var overskridingar av kvikksølv og PCB i fiskar fanga nær Kollevågen på Askøy. 

Kanskje ikkje så rart, for der blei det meste avfallet frå innbyggarane i bergensområdet dumpa i sjøen frå 1929 til utpå 70-talet.

Har fulgt opp med andre artar

Forskarane anbefalar at kollegaar på HI følger opp denne "hotspoten" i overvaking av framandstoff i annan sjømat. Det har dei også gjort, som vi kan lese om i denne saka: Nye målingar av framandstoff i sjømat frå fjordar og hamner

Sjå også dei eksisterande råda til Mattilsynet mot å ete sjømat frå visse område i landet.

I alle fall kan du truleg ete lysingfilet frå norske hav- og kystområde med god samvit – med mindre du bur nær ein av våre store, gamle synder, som bossfyllinga i Kollevågen.

Les dei tekniske resultata i den vitskaplege rapporten:

Referanse

Bank, M.S., Y.M. Zhu, and A. Staby. 2023. Contaminants in European Hake (Merluccius merluccius) from the Northeast Atlantic Ocean. Rapport fra Havforskningen 2023-43.