LANGT BORTE: Sør-Orknøyene sett frå forskingsfartøyet Kronprins Haakon, på tokt i Sørishavet i 2020.

– Krill-fiskeriet rundt Sør-Orknøyane er berekraftig

Det tyder oppsummeringa etter ti år med overvaking på.

Publisert Sist oppdatert

– Vi har sett på dei ti første åra med overvaking av krillen rundt Sør-Orknøyane, fortel HI-forskar Georg Skaret.

Bare Norge som overvåker

Området er det viktigaste for krillfisket i Sørishavet. Det er berre Noreg som jamleg overvakar det vesle krepsdyret her.

Havforskingsinstituttet (HI) står for overvakinga i samarbeid med fartøya som fiskar krill i det heller utilgjengelege området.

Fakta antarktisk krill:

¤ Maks storleik: 60 mm og 2 gram

¤ Levetid: 6–7 år

¤ Leveområde: Sør for Polarfronten i Sørishavet, som omgir det antarktiske kontinent

¤ Mat: Primært planteplankton

¤ Om bestanden: Store delar av økosystemet i Sørishavet er sentrert rundt krill. Den antarktiske krillen er viktig som matkjelde for fisk, sjøpattedyr og sjøfugl.

(Kilde: Norsk Havforskningsinstitutt)

– Vi finn ingen trend i korleis bestanden utviklar seg gjennom heile tiårsperioden i dette området, seier Skaret.

– Vi finn som venta stor variasjon frå år til år, men likevel er variasjonen mindre enn i andre krillrike område som Sør-Georgia og Sør-Shetland, seier Skaret.

Dette understreker at Sør-Orknøyane er ein ‘hotspot’ for krill i Sørishavet.

LITEN, MEN AVGJØRENDE: Krill spelar ei stor rolle i økosystemet lengst sør på kloden. Her frå krilltokt i 2020.

Flåten fiskar etter føre-var-prinsipp

For å finna ut kor stor bestanden er, har forskarane brukt akustikk.

– Det er områda langs sokkelkanten nord for Sør-Orknøyane som har dei største krill-mengdene. Grunna straumforhold har krill ein tendens til å samla seg i område med markante skifte i djup. Der samlar det seg ofte planteplankton som krillen beitar på. Det er her flåten fiskar krill.

Havforskarane har også brukt mengdeberekningane til å evaluera om det historiske krillfisket i dette området har vore berekraftig etter CCAMLR sine føre-var-kriteriar til forvaltning.

– Resultata våre indikerer at fiskeriet har vore i tråd med føre-var prinsippet.