Meninger
Kvifor godtar vi denne forvaltninga av brisling i Hardangerfjorden?
Hardangerfjorden er i dag utsett for ei samla belastning utan historisk sidestykke, skriver kronikkforfatteren, som mener tradisjon ikke kan gi et frikort fra å drive ansvarlig fiskeriforvaltning.
Hardangerfjorden er ikkje berre ein produksjonsarena. Han er eit økosystem. Likevel vert forvaltinga av brislingbestanden behandla som om arten eksisterer isolert frå resten av naturen rundt seg. Det er kanskje det mest alvorlege med dagens praksis hjå Fiskeridirektoratet: mangelen på heilskapstenking.
Då Hardangerfjord Villfisklag med støtte frå kommunar, Hardangerrådet og ei rekke lag og organisasjonar foreslo ti års freding av brisling i Hardangerfjorden for å bygge opp att bestanden, burde det ha utløyst ei grunnleggjande økologisk drøfting: Kor mykje belastning toler fjordsystemet eigentleg no?
I staden vart forslaget mellom anna avvist med at brislingfisket er eit «tradisjonelt fiske» som ville stå i fare for å forsvinne.
Men sidan når vart tradisjon eit overordna argument i naturforvaltinga?
Brisling er ikkje berre ein kommersiell ressurs. Han er ein nøkkelart i fjordsystemet. Brislingen bind saman planktonproduksjonen med større fisk, sjøfugl og marine pattedyr. Når bestanden vert pressa ned, får det ringverknader langt utover sjølve fiskeriet. Dette er grunnleggjande økologisk forståing.
Likevel ser vi ei forvalting som framleis vurderer uttak snevert og sektorvis – som om Hardangerfjorden i dag er den same fjorden som då grunnlaget for dette fisket voks fram som tradisjon.
Det er han ikkje.
Historisk stor belastning
Hardangerfjorden er i dag utsett for ei samla belastning utan historisk sidestykke:
• storstilt oppdrettsaktivitet
• utslepp av næringssalt og organisk materiale
• press på villaks og sjøaure
• endringar i plankton- og næringsgrunnlag
• klimaendringar og temperaturpåverknad
• tilbakegang i fleire villfisk- og sjøfuglbestandar
I eit slikt økologisk landskap blir argumentet om «tradisjonelt fiske» nesten oppsiktsvekkjande defensivt. Tradisjon kan aldri være eit frikort frå kravet om kunnskapsbasert og økosystembasert forvalting.
Dette står også i sterk kontrast til intensjonane i Naturmangfoldloven. Lova krev at naturen skal forvaltast økosystembasert og at samla belastning skal vurderast. Her er § 10 særleg tydeleg: «påverknad på eit økosystem skal vurderast ut frå den samla belastninga økosystemet er eller vil bli utsett for».
Kva betyr det i Hardangerfjorden?
Det betyr at ein ikkje kan sjå brislingfisket isolert frå resten av belastninga fjorden er utsett for. Likevel er det nettopp dette som skjer. Kvar sektor vurderer sitt inngrep kvar for seg. Summen av belastningane forsvinn mellom ansvarsområda til ulike etatar.
Resultatet er ei bit-for-bit-forvalting som naturmangfaldslova eigentleg skulle gjere slutt på.
Når kunnskapen samtidig er usikker, krev lova at føre-var-prinsippet skal leggast til grunn. Då burde terskelen for vidare uttak vere høg i eit fjordsystem som allereie er tungt belasta. Då burde spørsmålet vere korleis bestanden kan byggjast opp att – ikkje korleis vidare fiske kan forsvarast.
Forslaget om ti års freding frå Hardangerfjord Villfisklag var derfor ikkje radikalt. Det var eit uttrykk for langsiktig økologisk ansvarstenking. Ei erkjenning av at naturen somme tider treng tid til å hente seg inn att.
Det mest alvorlege er kanskje signaleffekten frå forvaltinga: At kulturhistoriske argument ser ut til å bli tillagt større vekt enn økologisk risiko i eit fjordsystem som allereie er under sterkt press.
Hardangerfjorden treng ikkje meir sektorvis forsvarstenking. Fjorden treng ei forvalting som ser samanhengane, som tek naturmangfaldslova på alvor, og som tør å erkjenne at summen av belastningane kan bli økologisk uakseptabel.
Brislingen er liten. Men spørsmålet han reiser om norsk naturforvalting er stort.
Sven-Helge Pedersen er tidlegare leiar i Hardangerfjord Villfisklag og aktiv i forvaltinga av lakse- og sjøaurebestandar i vassdrag kring Hardangerfjorden gjennom arbeidet i Genbank Hardangerfjord.