DEL

Me arbeider med heilt nye varsel for hav- og kystområda. No har vi lagt ut skissene vi arbeider med, slik at du kan sjå oss i korta, melder nettstaden yr.no


( 26.03.2009 )

[raw]

Med eigne varsel for hav og kyst, får fiskare og anna folk som ferdast på havet og langs kysten eit langt betre vêrvarslingstilbod enn i dag. Den nye tenesta er førebels ein betaversjon (testversjon). Det vil seie at det framleis er nokre feil, både reint tekniske og i sjølve varsla. Spesielt veit vi at modellane gjev feil varsel inne i fjordarmar og nær land.

 

I betaperioden kan du som er vand med å bruke dei gamle varsla på retro.met.no, framleis bruke desse. Lenkene til desse sidene finn du i høgre marg.

 

Vi har lagt ut betaversjonen av hav og kyst-varsla for å få tilbakemeldingar, tips og råd frå brukarane. Alt på dei nye sidene er ikkje ferdig, og vi ynskjer tilbakemeldingar for å kunne prioritere kva som er mest viktig å gjere frametter, opplyser yr.no.

 

Dette får du i betaversjonen:

Varsel for alle hav- og kystområde i Nord-Europa (frå Grønland til Biscayabuka og opp forbi Novaja Semlja og forbi Svalbard. Austersjøen sør for Åland og heilt til Øresund er ikkje dekt, men alle andre nordiske havområde er med). Du får opp varsla ved å taste inn ein lengde- og breiddegrad eller klikke direkte i eit kart på yr.no/hav.

 

Tidlegare har varsel som gjeld for eitt punkt vore spreidd over mange ulike varsel (korttidsvarsel, kystvarsel, bankevarsel, kulingvarsel o.s.v.). No sjekkar vi lengde- og breiddegraden du ser på varsel for, og viser dei tekstvarsla som er aktuelle for dette området.
Marinogram 48 timar fram i tid, med varsel for: Vind, trykk, bølgjer, straum, vasstand (tidevatn + verknaden av været), luft- og sjøtemperatur.
Observasjonar frå dei to nærmaste norske målestasjonane. I tillegg til den siste observasjonen, får du utviklinga i vindstyrke og trykk dei siste 48 timane. Dette gjev eit godt inntrykk av den ålmene vêrutviklinga.

 

 I den neste versjonen av hav og kyst-varsla vil du få:

 

– Animerte kart som viser varsel for vindretning og –styrke, bølgjeretning og –høgde, straumretning og –styrke i tillegg til havtemperatur.
– Langtidsvarsel. Varsel lengre fram i tid (betaversjonen går berre 48 timar fram i tid).
– Vasstand og tidevatn: Ikkje berre varsel, men òg observasjonar frå Sjøkartverket sine målestasjonar.
– Iskart
. Utskriftsvenleg versjon.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.