DEL

-Regjeringa har store visjonar for norsk sjømatnæring. Vi ønskjer at Noreg skal bli den fremste sjømatnasjonen i verda, sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen under LO-konferansen for tillitsvalde i fiskerinæringa i går.


( 04.03.2010 )

[raw]

På konferansen heldt ho eit innlegg om visjonane sine for forsking og utvikling i næringa. Delar av den tradisjonelle verdikjeda i fiskerinæringa slit, og utfordringane har blitt forsterka av finanskrisa. Mens delar av næringa, som laksnæringa og pelagisk sektor, går bra.

 

– Skal vi vere den fremste sjømatnasjonen i verda, krev det at vi har kunnskap som ligg i front på område som berekraftig ressursforvaltning og havmiljø. Men det krev også at vi har god kunnskap om forbrukartrendar, kjøpskriterium, marknadsføring og omdømmebygging – og evnar å utvikle produkt ut frå dette, sa statsråden vidare.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.