DEL

– God ressursforvaltning av fiskebestandane våre er grunnlaget for verdiskapinga langs kysten. Det er ein klar føresetnad for denne verdiskapinga at vi har einingar som er lønnsame for industrien. Utan lønnsame fiskebåtar og bedrifter har vi lite å byggje velstanden vår på, sa statssekretær Vidar Ulriksen på årsmøtet i Sør-Norges Trålerlag i Haugesund i dag.


( 24.04.2009 )

[raw]

Ulriksen sa elles at det er viktig for den framtidige utviklinga til næringa at ho opplever stabile og føreseielege rammevilkår. Den strukturpolitikken regjeringa no har utforma, skal difor ikkje gjennom nokon store overordna forandringar. Den raudgrøne regjeringa ønskjer å ha ei god demokratisk forankring hos næringa for dei tilpassingane som ho gjer slik at resultat kjem fellesskapet til gode.

 

Den nye havressurslova legg vekt på ei økosystembasert forvaltning av dei marine ressursane, der regjeringa tar omsyn til korleis det fysiske havmiljøet påverkar bestandane og korleis dei ulike bestandane påverkar kvarandre. Arbeidet for å få til dette er svært krevjande og gjer det nødvendig å skaffe mykje ny kunnskap.

 

Statssekretæren understreka at den raudgrøne regjeringa arbeider hardt for å sikre berebjelkane i norsk fiskeripolitikk, og bestandssituasjonen i norske farvatn er betre enn på mange år. Gjennom strukturpolitikken vil regjeringa fortsetje å arbeide for god lønnsemd i næringa slik at verdiane frå havet kjem fellesskapet og dei kystnære samfunna til gode.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.