DEL

Verdas einaste reindyrka forskingsprogram på hav og marine økosystem vert frå no av administrert frå Havforskingsinsituttet på Nordnes.


( 30.05.2012 )

[raw]

Sjølve opninga skjedde 24.  mai. Då stengde dørene i Brest og IMBER internasjonale prosjektkontor var offisielt overflytta til Bergen.

 

Kva skjer i havet?
Kontoret koordinerer aktivitetane i det internasjonale forskingsprogrammet IMBER (sjå faktaboks). IMBER er det einaste større forskingsprogrammet som utelukkande konsentrerer seg om forholda i havet. Programmet skal – grovt fortald – undersøkja korleis dei store marine økosystema toler global oppvarming, havforsuring og annan menneskeskapt påverknad. Meir enn 3000 forskarar frå heile verda bidreg til dagens åtte IMBER-prosjekt.

 

Viktig for Bergen
Det er Havforskingsinstituttet som husar kontoret – førebels for fem år. Kostnadene vert delte med Norges forskningsråd.

Forskingsdirektør Einar Svendsen er stolt av at Havforskingsinstituttet er velt som vertskap for det viktige havmiljøkontoret.

 

 – Havforskingsinstituttet forskar på dei fleste felta som kjem inn under IMBER – marinbiologi, kjemisk og fysisk oseanografi og økosystembasert forvalting. At dette kontoret  vert lagt til oss er eit klart prov på at vi har god fagleg tyngde – også internasjonalt.

 

Brekkstang for bergensmiljøet
Bergensmiljøet ligg i front i norsk klimaforsking. Einar Svendsen trur at etableringa av IMBER-kontoret kan skapa positive ringverknader for Bergen som marin klimahovudstad.

 

– Vi kjem tett på den daglege drifta av IMBER, og det kan fungera som ei brekkstang for å styrkja – ikkje berre Havforskingsinstituttet, men heile bergensmiljøet sin posisjon internasjonalt. Vi får tilgang til eit stort kontaktnett og kan også i større grad vera med på å påverka viktig vegval innan klimaforskinga.       

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.