Brunvoll har signert kontrakt med Fitjar Mekaniske Verksted AS, for levering av komplett framdrift, manøvrering og kontrollsystem til ein brønnbåt til rederiet Hordalaks AS. Skipsdesignet er eit samarbeid mellom Heimli Design AS og Fitjar Mekaniske Verksted AS. Leveransen frå Brunvoll vil finne stad innan Q3 2019.


( 20.08.2018 )

Brunvoll systemleveranse består av gir- og propellanlegg med dyse, tunnel thrustarar og komplett kontrollsystem. Framdriftsanlegget er eit effektivt diesel-elektrisk anlegg, drive av to elektriske motorar forsynt av generatorsettet i fartøyet. Anlegget er forberedt for installasjon av batteripakke som vil gi fartøyet eit hybrid kraft system, som kan ytterlegare bidra til effektivitet og fleksibilitet i framdriftsanlegget.

«Brunvoll er stolte over å bli valgt til leverandør til den nye brønnbåten til Hordalaks med eit framdrifts- og manøvreringssystem som tilfredsstiller rederiet sine krav til moderne, effektiv og fleksibel operasjon av fartøyet», seier Roar Slotsvik, EVP Sales & Marketing i Brunvoll Gruppen. Slotsvik vil vidare takke verft og rederi for den viktige og gode dialogen i prosjektfasa.