DEL

Rolls-Royce opnar i dag sitt nye tilbod for opplæring i dynamisk posisjonering (DP) og automasjon- og kontrollsystem. Opplæringstilbodet skal halde til i lokala til Høgskulen i Ålesund fram til det nye europeiske opplæringssenteret til Rolls-Royce står klart i 2011. Då skal DP-treninga flytte inn der, og vere del av det komplette opplæringstilbodet Rolls-Royce då kan tilby i Ålesund.


( 14.01.2010 )

[raw]

– Ettersom talet på fartøy med DP aukar, veks også behovet for personell som kjenner DP-systema, og som kan diagnostiserer problem og utføre vedlikehald. Det nye opplæringstilbodet vårt møter dette behovet, og vi har alt gjennomført fleire kurs. Kursa rettar seg både mot kundar og våre eigne serviceingeniørar, seier Geir Olav Otterlei, servicesjef for DP i Rolls-Royce.

Det nyopna tilbodet som Otterlei og kollegaene hans i dag kunne vise fram til både lokale og internasjonale kundar består av tre rom som blant anna inneheld ein komplett DP2 operatørstasjon arrangert som ei akterbru på eit fartøy. Eit realistisk utsiktsbilete frå brua vert prosjektert på ein krum vegg, og studentane kan bli kjent med korleis systemet fungerer og reagerer før dei skal ta utstyret i bruk om bord i eit fartøy. Eit teknisk rom inneheld også Rolls-Royce automasjon- og kontrollsystem, slik at kundar og serviceingeniørar kan få praktisk trening med desse systema.

 

Under opninga presenterte Rolls-Royce også ein miniversjon av systemet som kan nyttast for å bli kjent med Icon™ DP-systemet og for grunnleggande operatørtrening. Treningskonsollen kan også brukast til vedlikehaldstrening. Målgruppene for denne treningskonsollen er blant andre reiarlag, verft, simulatorsenter og utdanningsinstitusjonar.  

 

Med dynamisk posisjonering kan fartøy og boreinnretningar til havs halde ein gitt posisjon utan å ankre opp, og systemet er svært avansert og operasjonskritisk. Rolls-Royce leverer Icon™ DP-system og alt utstyr som vert kontrollert av det, inkludert komplett framdriftssystem. Selskapet tilbyr system som møter alle IMO DP-klasser. Rolls-Royce har levert Icon™ DP-system til 150 fartøy i operasjon eller i ordre.

 

Rolls-Royce sitt DP opplæringstilbod komplementerer DP-operatørkursa som Høgskulen i Ålesund tilbyr.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.