DEL

Det internasjonale råd for havforsking (ICES) har levert sitt råd for forvalting av laksebestandane i Atlanteren. Laksen som kjem inn til norskekysten etter ein vinter i sjøen har ikkje full reproduksjonsevne, medan den som har vore der fleire vintrar i sjøen vil ha full reproduksjonsevne i 2011 og 2012.


( 13.05.2011 )

[raw]

Prognosen tilseier at også den laksen vil ha redusert produksjonsevne i 2013 og 2014 melder Havforskningsinstituttet.Laksen som kjem inn til norskekysten er ein del av det ICES omtalar som det nordaustlege bestandskomplekset. Rådet er først og fremst retta mot dei blanda laksefiskeria utanfor Vest-Grønland og Færøyane. Fisket på Vest-Grønland er ein del av urfolk sine rettar. Ved Færøyane har det ikkje vore noko sjøfiske etter laks sidan tidleg på 2000-talet.

 

Det føreligg ein plan for føre-vâr forvalting av laksen i havet. Målsettinga med planen er å halde alle bestandane over ei gitt tiltaksgrense. ICES har definert at det inneber at talet på gytefisk på skal gi maksimalt vedvarande langtidsutbytte.

 

Rådet for laksefiskeria i Noreg kjem frå Vitskapleg råd for lakseforvalting seinare i mai.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.