DEL

Fiskeridirektoratet gjennomførde i fjor to tokt for å rydde opp tapte fiskereiskap. Det eine fokuserte på tapte kongekrabbeteiner. Det vart teke opp 97 stykk med rundt 400 krabbar i.


( 20.01.2011 )

[raw]

Fangstmengda i fiskegarna varierte sterkt, men blåkveite utgjorde hovuddelen saman med uer, lange, sei og breiflabb. Oppreinskinga går føre seg på den tida det er minst aktivitet i garnfisket og difor vil fangstmengda vere mykje større gjennom året. Vi tok opp rundt 400 krabbar, hovudsakeleg kongekrabbe, men óg trollkrabbe og taskekrabbe. Det vart óg registrert ein død sel. Det melder Fiskeridirektoratet.

 

Kva vart teke opp
Totalt vart det teke opp 1000 garn av ulik type og alder og 97 kongekrabbeteiner. Det vart henta opp cirka 14 000 meter endetau, rundt 8000 meter snurrevadtau og omlag 5500 meter line.

 

Det blei óg tatt opp 18 dregger eller anker samt diverse blåser og bøyer. Mannskapet fant óg delar av ei kystnot med ei merd samt diverse trållin. Av andre ting blei det tatt opp cirka 6000 meter wire, 300 meter kabel og noko kjetting.

 

Misser mykje reiskap
Sidan 1980 har Noreg i regi av Fiskeridirektoratet gjennomført årlege tokt for å rydde opp tapte fiskereiskap. Bakgrunnen er at fiskarar årleg misser relativt mykje reiskap. Røynsle og undersøkingar syner at tapte garn kan vere aktive i fiske lenge etter at dei er miste.

 

Tapte garn som står att på havbotnen kan utgjere eit skjult uttak av fiskeressursar, bidreg til ytterlegare tap og trekkjer til seg større opphopingar av krabbe, lus og andre botndyr som ikkje er bra for mellom anna kommersielt garnfiske. Skjult uttak av ressursar som følgje av tapte fiskereiskap vert kalla «ghost fishing» eller «spøkelsesfiske».

 

Returordning
For å få eit godt resultat av oppryddingstokta er god planleggjing og dialog med næringa svært viktig. Det er sett av midlar til å følgje opp oppreinskingsarbeidet i 2011 og difor ber vi om at alle tap av fiskereiskap vert meldt til Kystvaktsentralen.

 

Fiskeridirektoratet er i dialog med Norsk Fiskeriretur AS om å gjenvinne reiskap som er tekne opp under årets oppreinskingsarbeid. Det meste som vert teke opp er til dels øydelagd, men kan verte gjenvunne. For kongekrabbeteiner vert det lagt opp til ei returordning til fiskarane.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.