DEL

Det internasjonale havforskingsrådet ICES foreslår ei tobiskvote på 360.000 tonn i EU-sona i 2011. I norsk sone er kvoten sett til 60.000 tonn i år, samstundes som norske fiskarar i tillegg kan ta 20.000 tonn i EU-sona, melder Fiskebåtredernes Forbund.


( 24.02.2011 )

[raw]

I norsk sone vil fisket i år også gå føre seg på avgrensa område. På same måten som i fjor blir berre delar av dei tradisjonelle tobisfelta opne for fiske. Seinast 5. mai skal Havforskingsinstituttet kome med eit oppdatert råd for 2011 etter eit forskingstokt som startar 22. april. Toktresultata får truleg også følgjer for kvotefastsettinga for 2012, skriv Fiskebåt på sine nettsider.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.