Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) tilrår at torskekvoten i Barentshavet for 2022 blir redusert med 177 120 tonn. I tillegg går ICES inn for at kvotane for både hyse og blåkveite blir reduserte til neste år.

I dag legg ICES fram kvoteråda for dei store fiskebestandane i Barentshavet — nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, nordaustarktisk sei, blåkveite og kysttorsk.

Sjå fremlegginga direkte her. 

— Kvoterådet for 2022 er 708 480 tonn, som er ein nedgang på 20 prosent frå årets torskekvote på 885 600 tonn, seier havforskar Bjarte Bogstad.

Han er Noregs representant i ICES sin rådgivande komité (ACOM) og bestandsansvarleg for torsk ved Havforskingsinstituttet.

Torskebestanden er nedjustert

Grunnen til den kraftige nedgangen er at bestandsnivået er nedjustert frå i fjor for dei fleste årsklassene som er inne i fisket.

– Nedgangen skuldast hovudsakleg to ting. Vi har hatt ein metoderevisjon som førte til at mengda eldre fisk i bestanden vart redusert. Samtidig viste tokta i haust og vinter at mengda fisk var mindre enn vi venta, seier Bogstad.

Ein metoderevisjon vil seie at ein går gjennom datagrunnlaget og måten ein reknar på. Ein slik revisjon blir gjort med jamne mellomrom.

— Vi må rekne med at kvotane vil bli lågare enn 2022-rådet tilseier i dei etterfølgjande åra, seier Bogstad.

Ned også for hyse og blåkveite

Bogstad opplyser at ICES tilrår endringar i kvotane for fleire av dei andre fiskeartane nord for Stad, det vil seie nord for 62. breiddegrad.

— ICES tilrår at hysekvoten blir redusert til 180 003 tonn, medan årets kvote er på 232 537  tonn, seier han.

For blåkveite blir det tilrådd ein kvote på 19 094 tonn for 2022 og 18 494 tonn for 2023. Dette er ein god del lågare enn fjorårets råd på 23 000 tonn og fastsett kvote på 27 000 tonn.

For sei er rådet på 197 212 tonn, og er så godt som uendra frå i fjor med ein nedgang på 0,3 prosent. For uerbestandane vart det gitt råd for 2021 og 2022 i fjor, og det kjem ikkje nye råd i år.

Todelt råd for kysttorsk

For kysttorsk nord for 62°N blir det frå og med i år gitt to råd, eit for området mellom 62°N og 67°N og eit for området nord for 67°N.

For området mellom 62° og 67°N er rådet 7 613 tonn (3 411 tonn for kommersielt fiske når ein antar fritidsog turistfiske på 4 212 tonn). For området nord for 67°N tilrår ICES at det ikkje blir fiska kysttorsk i 2022, og at det blir utarbeidd ein gjenoppbyggingsplan for bestanden.

Les meir om endringa i rådgivinga for kysttorsk her.

Les også: Kysttorsk i nord: Hva er naturlig dødelighet?

Kvotane for torsk, hyse, blåkveite og snabeluer blir fastsett av den norsk-russiske fiskerikommisjonen i oktober, medan Noreg er aleine om å fastsette seikvoten og reguleringane for kysttorsk.

Kvoterådet for lodde blir klart rundt 10. oktober.

Lenke til rådene hos ICES her.