DEL

Ulstein Group sine foreløpige tal syner at konsernet oppnår eit svært godt resultat i 2009. Selskapet har ei omsetning på heile 3,6 milliardar kroner og eit driftsresultat på 520,9 millionar kroner.


( 12.03.2010 )

[raw]

– Vi er svært glade for å kunne presentere gode resultat i ei tid som elles er utfordrande. Kommersialisering av design- og utstyrspakkar, bygginga ved eige og andre verft samt elektro- og kontrollsystem har gitt oss god inntening dei siste åra. Dette gir oss eit viktig grunnlag for å halde fram med å bygge eit robust konsern, sjølv om vi og må tilpasse oss ein utfordrande marknad, seier konsernsjef Gunvor Ulstein.

 

Årsaka til dei gode resultata skyldast i hovudsak at ein har hatt fokus på leveringspresisjon og kostnadskontroll i alle ledd.
– Vi har ein svært solid organisasjon med mykje kompetanse som er utvikla over tid. Vi har hatt god prosjektstyring og gjennom dette oppnådd måla som er sett innanfor dei viktigaste områda våre, seier Ulstein.

 

Design og utstyrsvekst
Ulstein Group har dei siste åra gjort strategiske satsingar innan designområdet. Ein tilbyr no ei rekkje design- og utstyrsløysingar innan både offshore supply, heavy offshore (f.eks. drillskip) og nærskipsfart (f.eks. mindre containerskip) I løpet av 10 år har ein utvikla seg til å bli ein betydelig aktør i den maritime næringa. Området leverer svært gode tal for 2009.

 

Skipsbygging til avtalt tid og pris
Ulstein Group leverer også svært gode resultat innanfor skipsbygging. Det å kunne levere fartøy til avtalt kvalitet, pris og på tid er eit viktig konkurransefortrinn for Ulstein.

 

Satsing på Power and Control
Innan kontrollsystem og automasjonsområdet har ein jobba med omorganisering og tilpassingar til marknaden. Power og Control er eit krevjande segment med stor internasjonal konkurranse. Ein har ein god basis å bygge på innan systemintegrasjon, men det er fortsatt eit potensiale for å auke verdiskapinga innan dette området.

 

Muligheiter framover
Dei siste åra har Ulstein Group investert opp mot 100 millionar kroner per år på forsking, utvikling og innovasjon. Gunvor Ulstein understrekar at Ulstein Group skal fortsette å vere ein pådrivar for nyskaping og innovasjon.

 

– Saman med våre medarbeidarar og aktørar i den maritime klynga skal vi halde fram med å sjå etter muligheiter og utvikle fleire produkt og tenester i toppklasse internasjonalt. Vi skal fortsatt gjere visjonar om til verkelegheit innan krevjande marine operasjonar, avsluttar Gunvor Ulstein.

 

Ved utgangen av 2009 var ordreboka på 2,95 milliardar kroner i Ulstein Group. Ulstein Group sine foreløpige hovudtal for 2009:

 

Driftsinntekter: 3,59 milliardar kroner (2008: 3,21 mrd kr)
Driftsresultat: 520,9 millionar kroner (2008: 371,9 mill kr) Ordinært resultat før skatt: 518 millionar (2008: 431,1 mill kr)

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.