To nye medarbeidarar er på plass og skal styrke kompetansen i Fiskebåt-administrasjonen. – Vi jobbar med svært mange forskjellige problemstillingar, og er avhengig av å ha medarbeidarar som kan hjelpe medlemmane når dei treng det, seier adm.dir. i Fiskebåt Audun Maråk.

Kay Ove Hafsås byrja i jobben 2. mars og 4. mai starta Hanna Bauge.

Kay Ove Hafsaas er utdanna siviløkonom, og har bakgrunn frå bankog finansnæring. I Fiskebåt skal han blant anna jobbe med rammevilkåra for fiskeflåten, ringverknader, strukturpolitikk og pelagisk sektor.

Hanna Bauge er utdanna jurist, og har bakgrunn frå Fiskeridirektoratet og som advokatfullmektig hos advokatselskapet Øverbø Gjørtz i Ålesund. Ho skal blant anna ha ansvaret for arbeidsrettslege forhold, arbeide inn mot Sjøfartsdirektoratet, høyringsarbeid, og jobbe opp mot styresmaktene i samband med juridiske problemstillingar knytt til fiskerilovgivinga. Ho skal i tillegg jobbe tett opp mot saksbehandlinga i Fiskebåt Vest.

– Vi har no fått på plass to dyktige og topp motiverte medarbeidarar i Fiskebåt. Begge har nyttig erfaring og kunnskap som vil kome Fiskebåt sine medlemmar til gode. Det er viktig å rekruttere nye unge medarbeidarar inn i næringa, noko heile næringa vil ha stor nytte av i åra som kjem, seier Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt.