DEL

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2010. Den norske totalkvoten er på 5704 tonn torsk i Nordsjøen og 155 tonn i Skagerrak. Kvoten er i tråd med rådet frå Det internasjonale råd for havforsking.


( 16.12.2009 )

[raw]

På bakgrunn av brot i forhandlingane med EU er det ikkje fastsett kvote for fiske i EU-sona. Dette medfører at norske fartøy berre kan fiske i norske farvatn i Nordsjøen.

 

Bestandssituasjonen er framleis vanskeleg for torsk i Nordsjøen og det er også i 2010 nødvendig å vidareføre ei streng regulering av dette fisket. Dette medfører at eit direkte fiske etter torsk berre er tillete for fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar. Alt trålfiske vert framleis regulert med bifangstreglar. Bifangstavsetjinga til trålarane er fastsett til 1500 tonn.

 

Reguleringa medfører at fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar kan drive eit direktefiske etter torsk innanfor ein gruppekvote på 3737 tonn i 2010, inklusiv bifangst på 300 tonn.

 

Det er fastsett maksimalkvotar for torskefisket med konvensjonelle reiskapar i Nordsjøen i 2010. Fartøy som har løyve til å delta i lukka gruppe og som er under 15 meter kan  fiske inntil 30 tonn, fartøy mellom 15 og 21 meter kan fiske inntil 60 tonn og fartøy over 21 meter kan fiske inntil 120 tonn. Differensierte garanterte kvotar vert sett til høvesvis 5, 10 og 20 tonn.

 

Inndelinga i open gruppe vert som ei prøveordning endra frå to til tre grupper. Etter dette kan fartøy under 10 meter fiske inntil 5 tonn, fartøy mellom 10 og 21 meter kan fiske inntil 10 tonn og fartøy over 21 meter kan fiske inntil 15 tonn. Garanterte kvotar vert sett til 4 tonn for alle gruppene.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.