DEL

Fiskeri- og kystdepartementet har lagt fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land.


( 14.06.2011 )

[raw]

– Bestandssituasjonen er god for dei fleste fiskebestandane. Samarbeidet vårt med andre land gir resultat både i fiskeriforvaltninga og i kampen mot fiskerikriminalitet, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
Meldinga omtalar kvoteavtalane for 2011, og norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar. Meldinga omtalar også arbeidet Noreg gjer mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Det blir vidare gjort greie for bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste bestandane som Noreg deler med andre land. Ei slik melding blir lagt fram årleg, første gong var i 1995. Til sist gjev meldinga ei oversikt over i kva grad norske og utanlandske fiskarar utnytta kvotane sine i 2009 og 2010, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i sonene til andre land.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.