DEL

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62ºN i 2009. Etter at kvotar til forsking, undervisning og agn er trekte frå dei nasjonale kvotane, kan norske fartøy fiske 237 100 tonn torsk, 90 050 tonn hyse og 203 000 tonn sei i 2009. Det er sett av 6500 tonn torsk frå gruppekvoten til kystfiskeflåten for å skape aktivitet til hausten og sikre at det vert fiska meir hyse og sei.


( 20.12.2008 )

[raw]

– Bestandane av torsk, hyse og sei er svært sterke, og dette skaper mulegheiter og arbeidsplassar for fiskarane og i fiskeindustrien langs kysten. Kvotane til neste år går opp for torsk og hyse, og fiskarane vil sjå det på fartøykvotane vi no har fastsett. Barentshavet er eit rikt spiskammer, og når vi haustar og forvaltar på ein berekraftig måte vil det vere slik også i framtida, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

 

Fritt fiske
– Vi har i reguleringane for 2009 vore opptekne av at alle, så langt som muleg, skal få ei reell auke i kvotane. Totalkvoten for sei går litt ned, men vi har vore langt unna å fiske opp kvoten dei siste to åra. Dei fleste kan fiske mykje sei i 2009, og for kystflåten vert det også neste år fritt fiske på hyse og sei med garanterte kvoter. Eit anna viktig punkt er at strukturvinstane frå 2007 og 2008 no er fordelt i riktige grupper, og fartøya har dermed fått ei ekstra kvoteauke, seier fiskeri- og kystministeren.

 

– For fartøy under 11 meter som fiskar etter torsk har vi valt ei overregulering som er litt større enn forslaget frå Fiskeridirektoratet. Erfaringane frå dei siste åra viser at stadig fleire fartøy, også dei små, fiskar heile kvoten sin. Dette gjer at graden av overregulering må justerast slik at vi ikkje overfiskar kvoten. Eg trur det nivået vi har valt for 2009 er riktig, og vi har teke omsyn til dei minste fartøya som er spesielt utsett for dårleg vær og kor god tilgang det er på fisk nære land, seier Helga Pedersen. Når kvoteauken for nokre fartøygrupper likevel ikkje er like stor som auken i totalkvoten, så skuldast dette at overreguleringa er redusert for å unngå overfiske.

 

Avsetningar
Nytt for 2009 er det at vert sett av 3500 tonn torsk frå den norske totalkvoten som skal dekke fangsten i ungdomsfiskeordninga og fangst av fritidsfiskarar som vert omsett gjennom salslaga. Tidlegare ble dette trekt frå gruppekvoten til opa gruppe.

 

– Den nye avsetninga er eit tiltak for å styrke næringsgrunnlaget for fiskarane i opa gruppe, og i tillegg har vi auka kvotane for dei minste fartøya i denne gruppa. Opa gruppe skal vere eit reelt alternativ for fiskarar som ikkje har løyve til å delta i lukka gruppe, og eg  er særleg oppteken av at ungdom skal kunne etablere seg med eige fartøy i denne gruppa, seier fiskeri- og kystministeren.

 

Det er også sett av 2000 tonn torsk til distriktskvote for trålarane i 2009. Vidare vil Fiskeri- og kystdepartementet i samråd med Fiskeridirektoratet utarbeide eit høyringsnotat med forslag til ei ordning for kystflåten som sikre fiske om hausten og stimulere til at det vert fiska meir hyse, sei og andre arter. Det er sett av 6500 tonn torsk til ordninga. Dette er same kvantum som i 2008 er avsett til bifangst for kystfiskeflåten.

Torsk
Den norske torskekvoten er fordelt med 161 957 tonn (69,42 %) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskap (garn, line, snurrevad og snøre), og 71 343 tonn (30,58 %) til trålarane. Konvensjonelle havfiskefartøy kan fiske 20 747 tonn, og er regulert med fartøykvotar. Fartøy under 28 meter i lukka gruppe kan fiske 120 027 tonn, og fartøy i opa gruppe kan fiske 14 683 tonn i 2009.

 

Fartøy i lukka gruppe er regulert med fartøykvoter. Fartøykvotene er frå 18,5 tonn til 147,58 tonn avhengig av heimelslengde og fartøyets faktiske lengde. Fartøy med heimelslengde under 11 meter har ein gruppekvote på 33 188 tonn torsk, og får ei overregulering på 30 %. Dersom fartøyets faktiske lengde er større enn 11 meter får dei halv overregulering, 15 %.

 

Fartøy med heimelslengde mellom 11 og 15 meter har ein gruppekvote på 31 879 tonn torsk, og får ei overregulering på 5 %. Dersom fartøyets faktiske lengde er mindre enn 11 meter får dei dobbel overregulering, 10 %. Fartøy med heimelslengde mellom 15 og 21 meter har ein gruppekvote på 32 935 tonn torsk, og får ei overregulering på 5 %. Dersom fartøyets faktiske lengde er mindre enn 11 meter får dei dobbel overregulering, 10 %. Fartøy med heimelslengde mellom 21 og 28 meter har ein gruppekvote på 22 025 tonn torsk, og får ei overregulering på 1 %. Dersom fartøyets faktiske lengde er mindre enn 11 meter får dei dobbel overregulering, 2 %. Fartøykvotene i opa gruppe er frå 12 til 16 tonn avhengig av fartøylengde. All bifangst av torsk i fisket etter andre artar må avregnast innanfor fartøykvoten, eller eventuell tilleggskvote. Fartøy med torsketrålløyve med kvotefaktor 1,00 kan fiske 776 tonn torsk i 2009. I 2008 var kvoten 639 tonn.

Hyse
Den norske hysekvoten vert fordelt med 58 931 tonn (62%) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskap og 36 119 tonn (38%) til trålarane. Konvensjonelle havfiskefartøy kan fiske 10 608 tonn, og er regulert med maksimalkvoter, kor kvoteeininga vert sett til 160 tonn, derav 119 tonn vert garantert. Desse fartøya må dekke eventuell bifangst av hyse i fisket etter andre artar innanfor fartøykvoten. 

 

Konvensjonelle kystfiskefartøy i lukka gruppe får fritt fiske etter hyse innafor gruppekvoten, med garanterte kvoter i botn mellom 7 og 51 tonn avhengig av heimelslengde. Fartøy i opa gruppe kan fiske 4714 tonn i 2009 og vert gitt fritt fiske innanfor gruppekvota. Fartøy med torsketrålløyve med kvotefaktor 1,00 får ein maksimalkvote av hyse på 480 tonn, derav 400 tonn er garantert. Maksimalkvoten er overregulert med 20 %.

Sei
Den norske kvoten er fordelt med 77 140 tonn (38%) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskap, 50 750 tonn (25%) til notfartøya og 75 110 tonn (37%) til trålarane. 350 tonn av kvoten er sett av til agnformål. Dei ordinære minstemåla på sei vert ført vidare, og departementet vil understreke at reduserte minstemål har konsekvensar i form av reduserte totalkvotar og gruppekvotar. Konvensjonelle havfiskefartøy kan fiske 8485 tonn og regulerast med ein maksimalkvote på 500 tonn. Konvensjonelle kystfiskefartøy i lukka gruppe kan fiske 57 855 tonn og regulerast med fritt fiske og ein garantert kvote mellom 13 og 124 tonn avhengig av heimelslengde.

 

Fartøy i opa gruppe kan fiske 10 800 tonn sei i 2009 og får fritt innanfor gruppekvoten, med garanterte kvoter på 8 tonn. Fartøy som fiskar sei med not kan fiske en maksimalkvote mellom 330 og 1861 tonn. Det er gitt garanterte kvotar mellom 118 og 666 tonn. Torsketrålarane kan fiske 60 088 tonn av trålkvoten og seitrålarane kan fiske 14 022 tonn etter at det er avsett 1000 tonn til å dekkje bifangst i industritrålfisket.

 

Trålgruppa er regulert med maksimalkvotar og garanterte kvoter. Fartøy med torsketrålløyve har desse kvotene: Fabrikktrålarar 969 tonn derav 775 tonn garantert, ferskfisk- og rundfrysetrålarar 734 tonn derav 587 tonn er garantert og småtrålarar 425 tonn derav 340 tonn er garantert. Fartøy med seitrålløyve får maksimalkvotar etter ein stige frå 489 tonn til 1396 tonn og garanterte kvoter frå 391 tonn til 1117 tonn.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.