Reiarlaget Pesquera Azul Norge AS (PAN) har valt LOS Marine AS som utførande verkstad for ombygginga av den tidlegare skjell-trålaren ex M/V Kovda (originalt bygd som M/V Leiranger).


( 17.01.2019 )

LOS Marine AS er en bedrift i Los Gruppen AS som driv skipsvedlikehold på Rubbestadneset på Bømlo.«Det er svært gledeleg at PAN vel LOS Marine AS til denne jobben», seier ein fornøgd dagleg leiar Olav Hilmar Koløy i LOS Marine AS. Båten skal ferdigstillast innan september 2019 og arbeidet har ei kostnadsramme på langt over 100 MNOK noko som vil bety ei betydeleg auke av omsetninga ved verftet.

Simon Stokka (t.v.) og Marius Monsen er blant de ansatte i LOS Marine som kan glede seg over storkontrakten til sin arbeisdsgiver. Her er de to avbildet foran deler av det store anlegget på Rubbestadneset.

Dagleg leiar i LOS Marine seier at dette oppdraget vil har stor betydning for LOS Gruppa på fleire måtar, då ein av underleverandørane er LOS Elektro AS. Dette oppdraget vil gå inn i historia som det største som har vorte utført ved kaiane i Rubbestadneset, og det er også den blant de største kontrakten som nokon gong har blitt teikna i LOS Gruppa.

Me ønsker og ta på oss større ombyggingar av skip er en ny strategi å dette er starten på ein ny framtid for Rubbestadneset. I tillegg utviklar vi verftet for vedlikehald av elektro/automasjon og roterande maskineri. For å møte den verden med moderne skip som også har batteri og hybride løysningar.

Bilde fra LOS Marine sitt anlegg.

Pesquera Azul Norge AS vart skipa i 2018 og det ombygde fartøyet skal i hovudsak nyttast til linefiske etter tannfisk i Sørishavet. Reiarlag er eigd av lokale aktørar som alle har lang fartstid innan fiskeri både i Noreg og internasjonalt.

Dette prosjektet er veldig spesielt då fartøyet vert pilot for innovative løysingar designa av gründerbedrifta Sago Solutions AS. Dette omfattar ein unik hekk med basseng for setting og draging av liner, samt at fartøyet vil ta i bruk konseptet ved namn Sago Extreme. Sistnemnte av-anglar og sikrar fangsten allereie ved sjøbotn og skal hindre at ein mistar fangst til blant anna kval.

Oppdraget til LOS Marine AS er å utføra ein total ombygging av båten frå skjell-trålar til autolinefiskeri, der alle hovudkomponentar og all innreiing skal bytast ut med nytt utstyr. LOS Marine AS har i dag over 50 tilsette og kontrakten med PAN vil føre til at ein må utvida arbeidstokken med fleire fagleg dyktige medarbeidarar noko ein allereie er godt i gong med. Men, ein vil ikkje koma utanom innleige av arbeidskraft for å klara å gjennomføra når prosjektet startar opp for fullt. På topp vil prosjektet sysselsetja ein plass mellom 80 og 100 personar.

«PAN ser fram til eit godt samarbeid med LOS Marine i dette storprosjektet. LOS Gruppen har sikra seg dette oppdraget i sterk konkurranse med andre verft, og for oss er det ekstra kjekt at det er eit lokalt verkstad som har gitt oss den beste totalløysinga» uttalar reiarlaget.