DEL

Ein ny rapport syner at den havgåande lineflåten legg att ca 100 millioner kroner per år i verdiskaping knytt til lossing og hamneopphald i Måløy-regionen.


( 28.03.2011 )

[raw]

Dette kjem i tillegg til verdien av fisken, som er på ca 450 mill kr pr år for flåten samla. Om lag halvparten av den samla havlineflåten i Noreg, 16 av 33 fartøy, er lokalisert på kysten av Sogn og Fjordane.

 

29-30. mars er havlinenæringa samla i Måløy på Linekonferansen 2011. Dette er den første større nasjonale konferansen for denne delen av fiskerinæringa, som leverer fisk med førstehandsverdi på 450 mill kr til ein internasjonal marknad. Det er påmeldt over 130 deltakarar på konferansen som vil ta for seg både rammevilkår for næringa, marknadsmuligheter, miljø, lønsemd og kvalitet. Politisk rådgivar i Fiskeridepartmentet, Fride Solbakken, skal opne konferansen.

 

– Lineflåten produserer høgkvalitets mat på ein miljøvennlig, ressurseffektiv måte, og gir grunnlag for lønnsomme rederi, bedrifter og arbeidsplassar både på sjø og land. Den havgåande lineflåten har alle muligheter til å vekse og utvikle seg ytterlegare, men har til no ikkje fått den merksemda den fortener frå Regjeringa, seier dagleg leiar i Måløy Vekst AS Alfred Bjørlo.

 

Verdiskapingsrapporten er utarbeidd av Segel AS på oppdrag frå Måløy Vekst, som del av forarbeidet til konferansen. Det er ca 100 lossingar pr år i Måløy frå den havgåande lineflåten. Ved kvar lossing blir næringslivet i regionen tilført ca 1-1,5 mill kr.

 

Måløy er ei av landets tre største fiskerihamner. I tillegg til linefanga fisk (torsk, hyse, lange og brosme), er Måløy ei svært viktig  hamn for den pelagiske fiskeflåten (sild og makrell) og ei rekke andre typar fiskeri. To av dei fem største fiskeriselskapa i Noreg, med samla omsetnad på ca 6 mrd NOK pr år, har hovudsete i Måløy (Norway Pelagic og Coast Seafood). Verdas største oppdrettsselskap, Marine Harvest, har sitt hovudkontor for Nordvestlandet i Måløy. Ei av Norges største fiskeforedlingsbedrifter, Domstein Fish, driv produksjon av miljøsertifiserte fiskeprodukt i Måløy med ca 100 tilsette, i tillegg til fleire linebåtrederi og mange andre fiskeribedrifter.
For meir informasjon om Linekonferansen 29-30. mars: www.linekonferanse.no

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.