DEL

Det ble som ventet en stor reduksjon i kvoten på NVG sild for neste år.


( 21.12.2010 )

[raw]

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i 2011. Den norske totalkvoten av norsk vårgytande sild
minkar frå 904 630 tonn i 2010 til 602 680 tonn i 2011.

 

Av den norske totalkvoten er det avsett eit kvantum på 3000 tonn sild til forsking- og undervisningskvotar og 900 tonn sild til agnkvotar før fordeling på fartøygruppene. For dei 15 000 tonna sild som blir overførd til Russland får ringnot- og trålgruppa tilbake 48 000 tonn lodde. Kvotebytet vil såleis ikkje gjelde kystgruppa.

 

Det er sett av 2000 tonn av kystflåten sin gruppekvote til fartøy som deltek i open gruppe før fordeling til fartøy i lukka gruppe. Fartøy i ringnotgruppa, trålgruppa og kystgruppa får ein maksimalkvote med eit
garantert kvantum i 2011.

 

Den norske kvoten er fordelt med 289 814 tonn til ringnotgruppa, 57 446 tonn til trålgruppa og 234 937 tonn til kystgruppa. Kystgruppa vil få fråtrekk på gruppekvoten for det kvantum som er overfiska i 2010 etter ordninga med kvotefleksibilitet.

 

Kystgruppa vert delt inn i to lengdegrupper; fartøy med heimelslengde under 15 meter, og fartøy med heimelslengde på 15 meter og over. Gruppekvotane blir fastsette ut frå mengda kvotefaktorar tilhøyrande fartøy med heimelslengde under 15 meter, og fartøy med heimelslengde på 15 meter og over.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.