DEL

Fiskeri- og kystdepartementet og Eksportutvalet for fisk aukar bidraga sine til Fiskesprell også i 2011. Fiskesprell har sidan startsåret 2007 hatt ei kraftig budsjettutvikling frå rundt tre millionar kroner i året til rundt ti millionar i 2011.


( 27.12.2010 )

[raw]

-Fiskeprell er ei investering i et sunnare kosthald for norske skole- og barnehagebarn. Med større økonomiske ressursar vil mange fleire tilsette i barnehagane kunne gå på kurs og vi får eit fullverdig tilbod til barne- og ungdomskoletrinnet med undervisningsmateriell og råvarestøtte. Det kan også vere aktuelt med andre tiltak, som kurs for tilsette i SFO og vidareutdanningskurs for lærarar i mat- og helsefag, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

 

Det er Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Eksportutvalet for fisk og fiskesalslaga som står saman om prosjektet ”Fiskesprell”. Prosjektet er ei konkret oppfølging av regjeringa sin handlingsplan for betre kosthald i befolkninga, der barn og unge er ei viktig målgruppe. Også Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking og Helsedirektoratet er med i arbeidet som nå er nasjonalt.

 

Sidan starten har 790 barnehagar i alle fylke vore på kurs og lært om dei positive helseverknadene sjømaten gir og fått praktisk trening i å lage enkle og barnevennlege fiskerettar. Prosjektet som først var retta mot barnehagar og ungdomsskolar i nokre prøvefylke har gradvis blitt utvida, og er nå eit nasjonalt tilbod til alle fylke. Tilbodet er også utvida til å gjelde barneskolane.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.