DEL

En ny rapport for Stad Skipstunnel viser at det er overveiende sannsynleg at tunnelen vil ha positiv samfunnsøkonomisk nytte.


( 07.02.2011 )

[raw]

Ein ny rapport frå SINTEF, bestilt av Maritimt Forum Nordvest og Prosjektgruppa for Stad Skipstunnel etter at Kystverket si konseptvalutgreiing (KVU) nylig vart lagt fram, vart presentert for første gang på konferansen om Stad Skipstunnel i Ålesund 4/2. Rapporten sin konklusjon er at det er overveiande sannsynleg at Stad skipstunnel vil ha positiv samfunnsøkonomisk nytte.

 

Rapporten gir eit anslag på over 1,2 mrd NOK i positiv samfunnsøkonomisk nytte av det banebrytande prosjektet. Dette er nær 3 mrd kr høgare nytteverdi for samfunnet enn det som kom fram i Kystverkets ferske KVU, som synte ei negativ nytte av prosjektet på over 1,6 mrd NOK.

 

– Å binde regionane sør og nord for Stadt saman med moderne sjøtransport opnar for heilt nye muligheter for næringsutvikling og overføring av transport frå sjø til land. Dette er lønsomt og viktig også i nasjonal samanheng, og ein vil gjennom Stad Skipstunnel for første gong kunne samla det maritime Norge til eitt rike, seier dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest, som har bestilt rapporten.

 

– Den nye rapporten er eit gjennombrot i å kunne dokumentere den store betydninga Stad Skipstunnel vil ha lokalt, regionalt og nasjonalt, seier dagleg leiar i Måløy Vekst AS, Alfred Bjørlo. Måløy Vekst sit i prosjektgruppa for Stad Skipstunnel og er medbestillar av rapporten.

 

I SINTEF Bedriftsutviklings nye rapport er det ei rekke nye berekningar av effektar ved Stad Skipstunnel som ikkje er talfesta eller som er ufullstendig vurdert i Kystverket sin KVU. Anslaget på samla tal fartøy pr år gjennom skipstunnelen er oppjustert frå 7.500 til 32.000. Samla ventetid for fartøy ved Stad er oppjustert frå 3.400 timar til over 50.000 timar. Årlege tapte inntekter for fiskeflåten er oppjustert frå 0 til 63 mill kr pr år.

 

Det er også påvist ei rekke andre effektar som ikkje er talfesta i Kystverkets KVU, mellom anna knytt til redusert ulykkesrisiko, sparte drivstoffkostnader og reiseliv. Samla utgjer dette nær 3 mrd NOK i auka samfunnsøkonomisk nytte av prosjektet samanlikna med den nylig framlagde KVUen.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.