DEL

Ulstein Group leverer solide tal for 2011. Konsernet hadde ei omsetning på 2,1 milliardar kroner og eit driftsresultat på 254 millionar kroner.


( 24.05.2012 )

[raw]

– Vi har dyktige medarbeidarar og ein organisasjon med god gjennomføringsevne og leveringspresisjon. Vi samarbeider godt med kundar og leverandørar, noko som gjer at vi kan komme opp med gode løysingar. Resultatet gjer oss i stand til å utvikle oss vidare, slik at vi kan møte den stadig tøffare konkurransen i marknaden, seier konsernsjef Gunvor Ulstein.

 
Leverer etter avtale
Høg kompetanse, solid erfaring og fokus på prosjektstyring gjer det mogleg å levere skip og utstyrspakkar på tid til avtalt kvalitet og pris.

-Kostnadseffektive og pålitelege løysingar gjer oss konkurransedyktige i den internasjonale marknaden for design og bygging av avanserte offshore fartøy, seier Ulstein.

 

Forsking og utvikling
ULSTEIN satsar langsiktig på innovasjon, og det siste året har ULSTEIN investert om lag 160 millionar kroner i forsking og utvikling. Gunvor Ulstein understrekar at ULSTEIN skal fortsette å vere ein pådrivar for innovasjon og nyskaping:

– Innovasjon er svært viktig for den vidare utviklinga av ULSTEIN sine produkt og tenester. Gjennom godt samarbeid internt og med andre maritime aktørar skal vi halde fram med å skape nye og forbetra løysingar som gir meirverdi til kundane våre, seier Ulstein.

 
Bonus til medarbeidarar
Det blir også i år utbetalt bonus til tilsette i ULSTEIN. Bonusen består av ein områdedel og ein konserndel. Bonusen blir på mellom ei og tre vekelønner per tilsett i dei norske selskapa.

– Vi har ein arbeidsstyrke som står på for at vi skal levere kvalitet og konkurransedyktige løysingar til kundane våre og oppnå måla vi har satt oss, avsluttar konsernsjefen.

 
Ved utgangen av 2011 var ordreboka på 2,3 milliardar kroner i Ulstein Group. Ulstein Group sine hovudtal for 2011:

Driftsinntekter: 2,06 milliardar kroner (2010: 2,38 mrd. kr)
Driftsresultat: 253,72 millionar kroner (2010: 353,98 mill. kr)
Ordinært resultat før skatt: 270,3 millionar kroner (2010: 367,87 mill. kr)

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.