DEL

2011 vart eit godt år for Kleven Maritime. Driftsresultatet kom på 205 millionar kroner, og årsresultatet før skatt vart 203,5 millionar kroner.


( 07.05.2012 )

[raw]

– Vi leverer eit svært godt resultat for tredje året på rad.  Det er flott å sjå at vår verdiskapingsmodell gjev slike gode resultat, og at det i den konkurranseintensive skipsbyggingsmarknaden er mogleg å vinne fram med stor grad av norsk verdiskaping, seier konsernsjef Ståle Rasmussen.

– Hardtarbeidande, dyktige medarbeidarar og målretta arbeid for forbetring av arbeidsmetodar og produksjonssystem har vore avgjerande for det gode resultatet. Både på Myklebust Verft og Kleven Verft har vi hatt eit nært og godt samarbeid med både kundar og leverandørar for å kome fram til gode løysingar. Vår byggemetode basert på modular sett saman på eigen bedding gjev oss ein større grad av kontroll på sluttproduktet, og dette er ein stor fordel både for oss og kundane våre, seier Rasmussen.

 

Hardtarbeidande, dyktige medarbeidarar og målretta arbeid for forbetring av arbeidsmetodar og produksjonssystem har vore avgjerande for det gode resultatet, seier ein nøgd konsernsjef Ståle Rasmussen. Arkivfoto: Edmund Mongstad.

 

Konsernet har i løpet av 2011 levert seks offshorefartøy til ein samla kontraktsverdi av omlag 2,5 milliardar kroner. De har no ni skip i ordreboka, til ein samla kontraktsverdi på om lag 4 milliardar kroner.

2012 ser også lovande ut, og konsernet har no arbeid til langt ut i 2014. Dei siste to vekene har konsernet inngått kontrakter for over ein milliard  kroner.
Dei tilsette får også i år utbetalt overskotsdeling på grunn av det svært gode resultatet.

– Dei gode resultata dei siste åra har gjort det mogleg å gjere store investeringar for framtida, seier Kjersti Kleven, styreleiar i Kleven Maritime. I desse dagar ferdigstiller ein blant anna bygging av 100 meter ny kai ved Kleven Verft, som vil bidra til å utvide utrustingskapasiteten. Det har blitt investert i ny og større dokk som set Myklebust Verft i stand til å påta seg service og ombyggingsprosjekt også på dei største ankerhandteringsfartøya.

– Konsernet har også starta arbeidet med ei stor utviding av hallkapasiteten på Kleven Verft, slik at ein i enda større grad enn no kan innføre robotisering og automatisering av byggeprosessane. Desse investeringane gjer vi for å sikre fortsatt effektiv og lønsam drift, og for å trygge arbeidsplassane i lokalsamfunna våre, seier Kjersti Kleven.

Kleven Verft hadde eit driftsresultat på MNOK 197. Dette gav det beste resultatet nokon gong for Kleven Verft.  Myklebust Verft hadde eit driftsresultat på MNOK 16,7. Ved utgangen av 2011 var det 479 tilsette i konsernet, mot 457 i 2010. 

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.