DEL

Torsken ser ut til å gyte seinare i år enn i fjor. Det er en av observasjonene havforskerne har gjort under årets skreitokt.


( 04.04.2011 )

[raw]

– I år er det mange nyleg befrukta egg i prøvane våre og få egg kor larven er i ferd med å sprenge seg ut av egget. I fjor var det motsett, og eg anslår at gytinga har komme i gang bortimot ei veke seinare i år enn i fjor, seier overingeniør Magnus E. Johannessen ved Havforskningsinstituttet.

 

God gyting
”Johan Hjort” gjennomfører no siste del av årets skreitokt, og for tida går prøvetakinga føre seg inne i Vestfjorden.

 

– Alt tyder på at det er god gyting, og vi har enkeltprøver med enormt mykje egg. Mellom anna tok vi ein prøve like ved Moskenesstraumen kor vi hadde omtrent 6.000 egg per kvadratmeter i vatnet, fortel Johannessen.

 

Langt inne

Torsdag vart det tatt prøver som viser at torsken har gytt så langt inne som ved Tennholmen fyr.

 

– Egga var nyleg befrukta, noko som tyder på at fisken må ha gytt i området. Når egga er på eit så tidleg utviklingsstadium, er det usannsynleg at dei har komme drivande med straumen, seier Johannessen. Det er fleire år sidan det sist blei observert gyting ved Tennholmen fyr, sjølv om det dreier seg om et tradisjonelt gyteområde.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.