Ulstein Group hadde i 2017 ei omsetning på 1,1 milliard kroner og eit driftsresultat på -326,2 millionar kroner. Ein del av tapet skuldast lav utnytting av kapasiteten på grunn av lav ordreinngang åra før. Andre viktige årsaker er tap på einskilde prosjekt og nedskrivingar.

– Vi er midt i ei omstillingsfase etter den kraftige nedturen som ramma heile olje- og gassnæringa. Sjølv om vi har sikra oss fleire viktige kontraktar i nye segment, vart 2017 eit krevjande år for oss, seier konsernsjef Gunvor Ulstein og held fram: – Arbeidet med å etablere seg i nye segment tek tid, og krev mykje kapital og ressursar. Vi meiner likevel at dette arbeidet vil gi resultat over tid, og at det er grunn til forsiktig optimisme.

Nye segment

Ulstein Group har tatt ein sterk posisjon innan offshorevind-marknaden. Tre fartøy er leverte berre siste to åra og nyleg sikra selskapet seg kontrakt på bygging og design av eit fjerde fartøy. Visekonsernsjef Tore Ulstein kommenterer følgande:

– Berekraftig vekst må ligge til grunn for alt vi gjer, vi må utvikle skip og løysingar som mellom anna reduserer drivstofforbruk og miljøutslepp. Havvind er ein viktig naturressurs som kan gi store mengder fornybar energi. Med våre design-innovasjonar som X-STERN® og X-BOW® har skipa fått betre sjøeigenskapar som fører til auka operabilitet og reduserte utslepp.

Vidare har Ulstein Group i løpet av 2017 også sikra seg viktige kontraktar innan neste generasjons passasjerskip: RoPax til Color Line og ekspedisjonscruiseskip til Lindblad Expeditions og Sunstone.

–  Vi er godt gang med å realisere desse prosjekta saman med våre kundar og andre samarbeidspartnarar, seier Gunvor Ulstein og held fram: Vår oppgåve er å skape framtidsretta og berekraftige løysingar som gir sikrare, grønare og smartare skip. Vi skal drive fram endring og ligge i forkant, til gagn for våre kundar, aksjonærar, tilsette og samfunnet kring oss, seier Gunvor Ulstein.

Styrkar likviditeten

Sidan marknaden kollapsa i 2014 har likviditeten i Ulstein Group blitt utfordra på ulike måtar. Lågare ordreinngang har ført til svekka og negative resultat dei siste tre åra, noko som igjen har tæra på eigenkapitalen og likviditeten.

– Vi har mellom anna tapt midlar både på eksisterande prosjekt og på eigarandelar i skip og sal av aksjar innanfor offshore. Vidare har vi inngått kontraktar i nye segment med høgare kontraktsverdiar. Desse prosjekta har ei lang konstruksjonstid, nokre over to år, og ein stor andel av konsernets likviditet blir difor låst opp i desse prosjekta.

– Styreleiar Tore Ulstein seier at styret har iverksett nødvendige tiltak for å styrke konsernets finansielle posisjon dei neste to åra.

– Vi har bedt aksjonærane om å yte eit konvertibelt lån, dette blei godkjent på årets generalforsamling. Dette gjer vi for å sikre kapitalstrukturen i eksisterande prosjekt, men også for framtidig satsing og utvikling av konsernet.

Konsernsjef Gunvor Ulstein fortel vidare:

– Samarbeidet med DNB og Innovasjon Norge har vore svært godt gjennom denne prosessen. Dette har vore avgjerande for å få på plass den nye totale kapitalstrukturen.

Ulstein Group sine hovudtal for 2017:

Driftsinntekter 2017: 1,1 milliard kroner (2016: 854,1 mill. kr) Driftsresultat 2017: -326,2 millionar kroner (2016: -247,2 mill. kr) Ordinært resultat før skatt 2017: -359,8 millionar kroner* (2016: -529,6 mill. kr)

* av dette er 67,2 millionar kroner relatert til ekstraordinære nedskrivingar.

Faktaboks om ULSTEIN:

ULSTEIN har omlag 560 medarbeidarar, og har hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. ULSTEIN leverer produkt og tenester innan skipsdesign, skipsbygging og utstyrspakkar til den internasjonale marknaden.

I 2006 leverte ULSTEIN det første fartøyet med den banebrytande og miljøvennlege X-BOW®-skroglinjedesignen, Bourbon Orca. Etter at det første flaggskipet vart levert, har ein til saman seld meir enn 100 design med X-BOW til ulike reiarlag og for bygging ved verft over heile verda.

 

ULSTEIN si historie strekker seg tilbake til 1917 då Martin Ulstein etablerte selskapet. ULSTEIN vert i dag leia av Martin Ulstein sine barneborn; Gunvor Ulstein, konsernsjef og Tore Ulstein, visekonsernsjef. Tore Ulstein er også styreleiar i Ulstein Group ASA.