DEL

KlevenMaritime hadde for 2009 eit driftsresultat på kr 142,8 mill. -2009 har ført konsernet tilbake der ein bør vere med omsyn til verdiskaping og resultat. Årsakene til betringa ligg mykje i at vi har langt betre kontroll med aktivitetane våre no, og at innsatsen for å betre verdiskapingsprosessen har gitt konkrete positive utslag. Dette hadde ikkje vore mogleg utan gjennom ein fantastisk innsats frå alle tilsette, seier adm. dir. Ståle Rasmussen.


( 19.03.2010 )

[raw]

-Vår prognose for 2010 er også svært bra, og etterspurnaden etter våre tenester har vore klart aukande den siste tida. Konsernet hadde pr. 31.12.09 i ordre 11 skip til ein samla kontraktsverdi på kr. 5,8 milliardar. Etter denne datoen er det skrive kontrakt på ytterlegare eit skip og levert to, slik at
ordremassen gir verfta i KlevenMaritime sysselsetjing til oktober 2011. Vi er difor optimistiske med omsyn til framtidig ordreinngong.

 

Rasmussen roser samarbeidet med kundar og leverandørar.

 

-Ved begge verfta i Kleven Maritime har vi også dette året hatt utfordringar med gjennomføring av nokre av prosjekta, men med godt samarbeid med kundar og leverandørar har vi i fellesskap fått til gode løysingar.

 

Hovudtal
KlevenMaritime har slått mange rekordar i 2009. Konsernet hadde samla driftsinntekter på kr. 3,85 milliardar, som er det høgaste talet nokon gong, og er ein auke på kr. 803 mill. frå året før. Det er levert i alt 7 farty i 2009 frå selskapet sine to verft, av desse er 6 offshorefarty og 1 kystvaktfarty.
Driftsresultatet var også rekordhøgt, kr. 142,8 mill, og årsresultatet før skatt var på kr. 116,4 mill. Dette er gode tal for rein skipsbyggings-verksemd.

 

Dei to verfta i konsernet har hatt eit noko ulik år i økonomisk forstand. For Kleven Verft har 2009 vore svært bra, med eit driftsresultat på kr 163 mill.
Myklebust Verft hadde eit mindre underskot, kr 10 mill, i hovudsak som følgje av tap på einskilde prosjekt.

 

Ved utgongen av 2009 var det tilsett 527 årsverk i konsernet, mot 416 året før. Veksten skuldast den omfattande ordrereserven, og førte til at Kleven Maritime midlertidig også har hatt utrustningsaktivitet ved leigd verftsanlegg i Førde. Redusert aktivitet framover har gjort at ein har lagt ned aktiviteten i Førde, og ein har vedtatt å nedskalere verksemda ved Myklebust Verft noko.
Sjølv etter desse endringane vil konsernet ha fleire tilsette enn ved førre årsskifte.

 

Konsernet har på bakgrunn av det samla gode resultatet vedtatt ein ekstraordinær bonus til alle tilsette, differensiert i høve til det einskilde selskapet i konsernet.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.