DEL

Ved utgangen av 2012 har Fiskeridirektoratet mottatt melding om 38 500 rømt oppdrettslaks, det lågaste talet i dette årtusenet. Samstundes er det meldt inn 133 000 rømt regnbogeaure og 55 000 rømt torsk.


( 03.01.2013 )

[raw]

Totalt er det meldt inn ca. 226 500 rømt fisk frå oppdrett i Noreg i 2012. Dette er 145 600 færre enn i 2011 og om lag ein million fisk mindre enn rekordåret 2006 då det rømte vel 1,2 millionar fisk. Men Fiskeridirektoratet må ta atterhald om at det kan vere meldingar eller episodar i 2012 som ikkje er meldt inn.
 

– Dette er gledelege tal og det viser at målretta arbeid i næringa og i forvaltninga bær frukter. Men no er det viktig at oppdrettarane sjekkar anlegga sine nøye med tanke på det dårlege været som har vore i deler av landet på slutten av året, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

 
Ny teknologi og settefiskoffensiv

Fiskeridirektøren peikar på to tilhøve som har bidratt til å redusere talet på rømingar og ikkje minst storleiken på dei enkelte rømingane.

•Næringa si vilje til å investere i betre og sikrare teknologi etter innføringa av ny teknisk standard (NYTEK)

•Målretta arbeid for å få bort rømming frå settefiskanlegg – pålegg om dobbelsikring

 

Røming frå matfiskanlegg har i mange tilfeller handla om store enkeltrømingar, ofte med menneskeleg svikt som årsak.

 
– Store rømingar der heile anlegg kollapsar ser vi heldigvis no svært lite av. Oppdrettarane har tatt røming alvorleg og resultatet ser vi no. Nye og strengare tekniske krav kombinert med større bevisstheit og betre arbeidsrutinar fører til mindre røming, seier Holmefjord.

 
Mindre tidlegrømt oppdrettsfisk i elvane

I 2012 har Fiskeridirektoratet hatt ein offensiv mot rømming av fisk frå settefiskanlegg. Nesten alle anlegg er kontrollerte i fjor og dei siste par åra, og dei resterande vil få besøk av direktoratets folk dette året. Å redusere og deretter få bort all rømming frå settefiskanlegg vil ta bort genetisk påverknad frå settefiskanlegg på omkringliggande elvar.

 
– Dette har alt hatt effekt. Rådgivande biologar AS melder til oss at det er konstatert mindre tidlegrømt oppdrettslaks i elvane i år enn før. Saman med reduserte rømmingstal for 2012 viser dette at vi er på rett veg, men det er viktig at oppdrettsnæringa og vi som skal forvalte og føre tilsyn med næringa har merksemda vår retta mot eit mål om at vi ikkje skal ha rømming, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.
 

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.