Hjem Nyheter Kyst & Havfiske Regulering av fisket etter norsk vårgytande sild for 2019

Regulering av fisket etter norsk vårgytande sild for 2019

I kyststatsforhandlingane om norsk vårgytende sild (nvg) blei det 6. november inngått ein avtale om ein totalkvote (TAC) på 588.562 tonn.


( 18.12.2018 )

Av dette har Noreg sett seg ei kvote på 429 650 tonn, noko som inneber ein norsk del på 73 prosent. Av dette er det sett av 891 tonn til forskings- og undervisningsføremål, 244 tonn til rekrutteringsføremål og 500 tonn til agnføremål.

Prøveordninga med ei gruppekvote i åpen kystgruppe er avslutta, og kvantumet i opa gruppe er no gjort om til ei avsetjing på 2 000 tonn.

Basert på erfaringane i fiskeria i haust er overreguleringa i lukka gruppe kyst redusert frå 30 prosent til 25 prosent for 2019.