DEL

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av seifisket sør for 62. graden for 2010. Norske fiskarar kan i 2010 fiske 52 792 tonn sei, noko som er ein nedgang på 10 144 tonn i forhold til 2009.


( 21.12.2009 )

[raw]

Gruppekvoten for notfartøy utgjer 5500 tonn og for konvensjonelle fartøy 8000 tonn. Resten av den norske seikvoten vert tildelt trålarane. Pelagiske trålarar og nordsjøtrålarane får ein gruppekvote på 7743 tonn. Av gruppekvoten til pelagisk trål og nordsjøtrål er det sett av 3000 tonn for å dekkje bifangst av sei i industritrålfisket. Torsketrålarane får ein gruppekvote på 25 033 tonn, medan seitrålarane kan fiske 6516 tonn sei i 2010.

 

Fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar vert regulerte med maksimalkvotar på 600 tonn. Det konvensjonelle fisket for fartøy over 28 meter vert stogga når det står att 1400 tonn av gruppekvoten.

 

Fabrikktrålarane har ein maksimalkvote på 1400 tonn og ferskfisk- og småtrålarane har ein maksimalkvote på 1000 tonn. Seitrålarane har ein maksimalkvote på 1000 tonn for fartøy med kvotefaktor lik 1,0.

 

Fartøy med pelagisk trålløyve eller nordsjøtrålløyve som har fiska 400 tonn sei eller meir i eitt av åra 2006, 2007 eller 2008 kan maksimalt fiske og lande inntil 400 tonn i 2010. Fartøy med pelagisk trålløyve eller nordsjøtrålløyve som har fiska mindre enn 400 tonn sei i eitt av åra 2006, 2007 eller 2008 kan maksimalt fiske og lande inntil 200 tonn i 2010.  

 

Fartøy med avgrensa nordsjøtrålløyve får ein maksimalkvote på 60 tonn i 2010. Fartøy med avgrensa nordsjøtrålløyve som har fiska meir enn 400 tonn sei i eitt av åra 2006, 2007 eller 2008 kan maksimalt fiske og lande inntil 400 tonn.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.