DEL

Det blir en reduksjon i rekekvoten for neste år, på omlag 15 prosent i forhold til 2010.


( 17.12.2010 )

[raw]

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter reker i 2011. Den norske totalkvoten av reker er sett til 7452 tonn, med 3570 tonn i Nordsjøen og 3882 tonn i Skagerrak. Dette er ein reduksjon på 15 % frå 2010.

 

Reguleringane for inneverande år vert i hovudsak vidareførte i 2011. Eit unntak er at maksimalkvotane vert reduserte med 15 % som følgje av lågare norsk kvote enn i 2010. Den samla kvoten kan fiskast over tre periodar. I den første perioden fram til 30. april kan 40 % av den samla kvoten fiskast. I dei neste to periodane, frå 1. mai til 31. august og 1. september til 31. desember, kan 30 % av den samla kvoten fiskast i kvar av periodane. Maksimalkvoten for dei enkelte fartøya er sett til 40 tonn i første periode og 30 tonn i kvar av dei to neste periodane. Vidare vert turkvoteordninga på 6 tonn per tur oppheva.

 

Fartøy under 20 meter største lengde kan halde fram å fiske innanfor eit garantert kvantum på 7 tonn i kvar av dei tre periodane, sjølv om periodekvotane er oppfiska. Helgedagsfredinga vert vidareført som i 2010. 

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.